OLSOK: «Samlinga av Noreg fall saman med kristninga av landet», skriv Jens Thoresen i dette lesarinnlegget. Arkivfoto: Marius Knutsen

Olsok, Noreg og kristendomen

Den 29. juli feirar me Olsok, eller Olavsvaka som er det fulle namnet på denne dagen.

Dette er heilag Olav sin dødsdag. Hans fall på Stiklestad markerer at nordmennene for alvor gjekk over frå å vera heidningar til å bli kristne, og Olav vart krona til Noregs evige konge.

Samlinga av Noreg fall saman med kristninga av landet. Den kristne trua var samnemnaren i samlingsverket, og den første norske landslova som vart vedteken på Moster i 1024 fekk tilnamet «Kristenretten» . All lovgjeving i hunderåra etterpå var prega av dette grunnarbeidet til kong Olav og biskop Grimkjell. I 2024 er det tusen år sidan denne storhendinga, og det skal som ventast feirast frå høgaste hald.

No kan ein seia at kristninga av Noreg hadde klåre manglar ut frå det som me kan lesa om misjon i Det nye testamentet. Både Olav Tryggvason og heilag Olav nytta tvang i «misjonsarbeidet» sitt, og historikarane har dei siste tiåra nærast kappa om å fortelja oss kor vanheilage dei var, og i særleg grad Olav Haraldsson. Men me må hugsa på at kristninga av Noreg skjedde mot alle odds. I denne tida var kyrkja i Europa var på eit absolutt lågmal i moralsk kvalitet, og alt som fanst (og framleis finst) av laster i menneskelivet var rikeleg representert i det kyrkjelege maktapparatet, og sann kristen tru var ei sjeldan vare. Og då er det ikkje mindre enn eit mirakel at to sterke heidenske menn midt oppi dette opplever ei kristen omvending som er så sterk at dei meiner at det vil vera tenleg for nordmennene å tru på det som dei trudde på, og for å få det til, måtte dei bli kongar for det var no ein gong slik i den tida at folket måtte tru som kongen.

Då eg gjekk på folkeskulen ein gong i farne tider, var kristninga av Noreg pensum. Eg hugsar me hadde den milde Reinert Agdestein i det som då heitte «soga». Han var skulestyrar i ein mannsalder på Leirvik skule, og ein forteljar av Guds nåde. Det var ikkje mykje vesen med han der han sat på ein stol bak kateteret og fortalde. Men han trong ingen effektar for å trollbinda elevane sine. Time etter time var me alle i gamle Noreg og såg Olav Tryggvason gå på årane og kasta spyd like godt med venstrearmen som med den høgre. Me var med under slaget ved Svolder, og kjende fortvilinga og sorga i sjela då Olav fall og drukna. Me høyrde han ropa ut då bogen til Einar Tambarskjelvar brotna: «Kva var det som brast?» Og Einar sitt svar sit fast som spikar i minnet: «Noreg ut av hendene dine, konge!»

Men sterkast var forteljinga om kristninga av Gudbrandsdalen, dalen som er oppkalla etter den store hovdingen Gudbrand, han som lenge stod Olav i mot. Tvekampen mellom Tor og Kvitekrist på tunet utanfor Torshovet på garden til Gudbrand er fornøyeleg å høyra om. Gudbrands menn drog det store Torsbilete ut på tunet for å demonstrera gudemakta hans. Men det enda med nederlag. Då sola steig opp over åskammen i aust, slo Kolbein sterke til gudebiletet med klubba si, og Tor fall i bakken med eit brak, gjekk i knas og ut kom all slags kryp som hadde næra seg av maten gardsfolket kvar dag hadde stappa i guden sin. Slik vann Kvitekrist over Tor i Gudbrandsdalen, og folket vart døypte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
For Jens (63) betyr trua alt

Snorre sine kongesoger (òg kalla Heimskringla) er ein unik litterær arv og forteljarkunst av beste merke. Men det er lite att av denne arven i norsk skule, og det er etter mi meining eit stort tap, kanskje særleg for gutane.

Heimskringla dekker den viktige brytningstida i Noregssoga då heidenskapet vart brote, og den kristne trua gradvis overtok folk sin måte å tenkja og leva på. Trass i ei uheldig samanblanding av kristendom og kongsmakt, var det over og ut med Odin, Tor, Frøy og Frigg. Fram til reformasjonen i 1536 gjekk heilag Olav og den oppstadne og allmektige Kristus meir og meir opp i ein slags syntese i folks sinn og tanke, og bønene deira gjekk like lett til den eine som den andre. Etter reformasjonen vart tyngdepunktet gradvis ført over på Kristus, utan at heilag Olav vart gløymd. Han var framleis sentral i måten nordmenn forstod seg sjølv.

Men så har me dei siste hundre åra sett at det kristne fundamentet for samfunnet smuldrar bort under oss, og det er lite i dag som fortel oss at nasjonen ein gong sprang ut frå kristen tru og lære. Me er blitt eitt av verdas mest sekulariserte land, og den kristne trua har stadig mindre å seia for stadig fleire menneske.

Lite visste me som lytta til Agdestein sin forteljarkunst på 1960-talet at det samstundes føregjekk ein skånselslaus kamp i det politiske og kulturelle miljøet i hovudstaden med tanke på å redusera kristendomen si kraft i samfunnet. Gradvis har kristendomen sin plass i norsk skule blitt mindre. Timetalet er blitt redusert, og faget er meir og meir vorte eit religionsfag.

Olsokfeiringa er blitt til for å stadfesta Noreg som eit kristent land. Men det er ikkje det lenger. Noreg må rekristnast, og det er eit spennande prosjekt som det er verd å engasjera seg i for alle som enno trur på Kvitekrist og hans ord.

Av pastor Jens Thoresen

Artikkelen held fram under annonsen.