Barnehagesaka: Tilsette ved Nysæter barnehage fortel kva dei meiner om argumenta, saksframstillinga og dekninga av barnehagesaka. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Om argumenta, saksframstillinga og dekninga av barnehagesaka

Me tilsette ved avdeling Nysæter kjenner eit behov for å kommentera avisoppslaga og notatet fagavdelinga for oppvekst har laga på bestilling til Utval for oppvekst og kultur. Notatet vart presentert i kortform i Bladet Sunnhordland 5. februar.

1. Lønsutgifter:

I notatet les me at utgifter til løn utgjer om lag 96 prosent av budsjettet til barnehagane. Løna heng saman med utdanning og ansiennitet. Alle pedagogar i avdeling Nysæter har over 10 års ansiennitet, noko som gir maks lønnsutteljing i Stord kommune. Fleire av oss får også utteljing for tilleggsutdanning.

Me synest det er pussig om dette vert brukt som argument for nedlegging. Formelt kompetansenivå og brei erfaring gir barnehagen høg pedagogisk kvalitet. Det vitnar om stabilitet, folk som brenn for yrket sitt og som dannar ein solid barnehagefagleg basis som eininga vår er tufta på.

Les også
Foreldre og barnehagetilsette heldt tordentalar under open høyring på Rådhuset

Me er alle kommunalt tilsette. Lønskostnadane vil framleis vere der sjølv om avdeling Nysæter vert lagd ned, dei vert berre fordelt på andre barnehagar. Me er overraska over at høg kompetanse vert brukt mot tilsette, barn og foreldre i Sagvåg. I rein naivitet trudde me snarare at dette vart verdsett. Vår kunnskap, erfaring og samla kompetanse ligg i botn for vårt verdigrunnlag, våre mål og kulturen me byggjer kvar einaste dag.

I notatet til administrasjonen går det fram at fagmiljøet på Furuly forvitrar dersom barnehagen vert lagt ned. Det er lagt ned mykje arbeid over fleire år for å byggje opp fagmiljøet. Ja, det er nok ei rett skildring. Men akkurat det same kan seiast om fagmiljøet ved avdeling Nysæter. Kvifor kjem ikkje dette fram i notatet?

2. Behov for vikarar:

I notatet vert det trekt fram at det er høgt sjukefråvær hos oss. Me kan ikkje sjå at dette har relevans i denne samanhengen.

At det er større sjukefråvær hos oss enn andre innanfor arbeidsgjevartida (opptil 16 kalenderdagar) skuldast tilfelle og kunne like lett råka andre barnehagar. Om nokon trur: sjukefråvær forsvinn ikkje med eit trylleslag ved ei nedlegging. Me er alle tilsett i Stord kommune.

Les også
Nei til nedlegging av Furuly barnehage

Me ser heller på fråværet på ei motsett måte: at arbeidsmiljøet og gleda ved å komme på jobb faktisk held fleire i arbeid, og at ikkje fråværet vert lengre. Dette peikar rett nok mot den samfunnsøkonomiske sida ved reknestykket. Men at vikarbehovet er eit nedleggingsargument synest me framleis er eit ikkje-argument.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Lokala:

Barnehagelokalet vårt vert omtalt som lite eigna til barnehagedrift. Avdeling Nysæter har fungert som barnehage sidan 1992, og den fungerer godt i dag òg. Vasslekkasjar vert i rapporten omtalt som ei utfordring, men desse er utbetra. Me stussar over at lokala har vore «heilt ok» i over 25 år, men akkurat no høver det å argumentere motsett. Spør oss som har vår daglege arbeidsplass der i staden.

Når det gjeld uteområdet i avdeling Nysæter, ser me at dette kunne vore betre. Vår erfaring er at det har vore ein salderingspost i påvente av ny kommunal barnehage.

4. Det manglar barneplassar i området Sagvåg/Litlabø!

Kvart fjerde barn i Sagvåg/Litlabø-området vil ikkje få barnehageplass i sin bydel om avdeling Nysæter vert lagt ned. Det er ikkje snakk om å kunne velje mellom privat eller kommunal barnehage. Realiteten for mange familiar er at dei ikkje vil få plass i sin bydel, og må køyre opptil 10 km for å levere barnet sitt i barnehagen.

Om pris pr. barn vert avgjerande, kven sin pris vert det då tale om? Kommunen sin, eller foreldra sin? Dersom kommunen si reduksjon av kostnadar på kommunenivå reint faktisk inneber at foreldra i Sagvåg betalar for kutta, meiner me at barnehagepolitikken i kommunen går i feil retning. Barnehagetilbod skal vere for alle – uavhengig av bustad, stilling og stand. Ikkje berre på papiret, men også i røynda.

5. Mediedekning:

Tysdag 4. februar var det høyring i denne saka. Me synest at Bladet Sunnhordland gav eit lite nyansert bilete av det som kom fram der.

I Sunnhordland les me elles vesentleg meir om Furuly enn om avdeling Nysæter. Foreldre og tilsette skriv i bladet, her er også talsmenn for arbeids- og næringsliv i Nordbygdo. Ein lokallagsleiar for eit politisk parti har teke eit tydeleg standpunkt. Me tvilar ikkje på oppriktigheita i innlegga. Men med respekt å melde, det aller meste kan seiast om alle barnehagane i kommunen. Me håpar at denne saka ikkje vert avgjort ved mengda av lesarinnlegg eller andre avisoppslag. Barnehagane i Sagvåg, på Leirvik eller i Nordbygdo er alle like viktige for sitt nærmiljø. Det gjeld kommunale så vel som private barnehagar.

Les også
Storpolitikken sine utslag for folk flest

Nedanfor ligg høyringa vår slik me presenterte munnleg i den opne høyringa 4. februar. Me håpar dette kan vere opplysande for lesarar som ikkje står i situasjonen til dagleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innlegg open høyring - reduksjon av kommunale barnehageplassar

Takk for at me får gje ei uttale frå vår barnehage i samband med budsjettsaka og nedtrekket av barnehageplassar i 2020. Slik me har gjort før gjennom denne prosessen, vil me halda oss til dei 3 punkta barnehagane skulle vurderast etter sidan kommunestyresaka i november 2019. Då vart saka sendt attende til administrasjonen med ynskje om fyldigare utgreiing på

•Geografi/ Dekningsgrad

•Søkjartal

•Økonomi

1. Geografi og dekningsgrad - Desse to punkta heng saman

Det er for få barnehageplassar i Sagvåg! I dag er dekninga 86prosent, ved ei eventuell nedlegging av avdeling Nysæter vil dekninga krympe til 75prosent. I dette låge talet er dessutan Stuastølen barnehage irekna, som reint geografisk ligg nærmare Leirvik enn Sagvåg, og pga. si utvida kristne formålsparagraf har foreldre høve til å takka nei til plass her.

Legg ein ned barnehageplassar i området Sagvåg/Litlabø, men beheld plassane på Leirvik og i Nordbygdo, vil ein eller fleire barnehagar i Leirvik/Nordbygdo verta ein satellitt for born frå Sagvåg, faktisk opptil ei mil unna der dei bur.

Det er for få barnehageplassar i Sagvåg! Ikkje sett det i ein parentes eller gøym det under teppet.

Les også
Vil heller leggja ned Furuly barnehage enn Nysæter: – Veldig skuffa og overraska

2. Søkjartal

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit argument for å leggje ned Sagvåg barnehage, avdeling Nysæter, er at den likevel skal leggjast ned når ein ny stor barnehage i Sagvåg står klar. «Om ei lita stund», vert det sagt.

Slik historia rundt barnehageplassar i Sagvåg har vore dei siste åra, er snart det einaste sikre at det er usikkert. Uro og frykt for nedlegging fører til at foreldra vegrar seg – noko som igjen gir utslag i søkjartalet. Fleire har allereie kjent på belastninga med å måtte flytte barnehage. Me unner ingen å måtte gjere dette fleire gongar. Uroa som gjentatte gonger råkar same bygda skapar belastning for barna, familiar, tilsette - og generelt sett ei bygd med all usikkerheita kring barnehagane.

«Det kjem snart ein stor og flott, ny barnehage i Sagvåg» vert sagt. Til trass for Stord kommune sin økonomiske situasjon, og dei signala som kjem frå sentralt hald, håpar me at den nye barnehagen vert ein realitet.

3. Økonomi

Sagvåg barnehage – avdeling Nysæter - har eit høgt utdanna og erfarent personale. Dette gjev høg pedagogisk kvalitet, men også relativt høge lønskostnadar.

4. Nokre ord om kvalitet

Det er mange som argumenterer for kvalitet for å behalda barnehagane.

Ja, me er einig: kvalitet er viktig i barnehagesektoren! Men det finst ingen objektiv måling etter internasjonalt anerkjende kvalitetskriterium som rangerar Stordbarnehagane i forhold til kvarandre. Tvert om vil me seia at det er gjort eit betydeleg arbeid i å utvikle alle barnehagane i felles retning – nettopp for å unngå at nokon er gode og andre ikkje. Alle utnyttar vidare sine særeigenskapar, nærområde, kompetanse, deltek i pedagogisk utviklingsarbeid med Høgskulen på Vestlandet gjennom praksisplassar i utdanninga og elles. Me har difor uttalt også tidlegare at det er feil om me plutseleg og over natta har blitt «kvalitetsvurdert» frå ytre kjelder utan at me veit om det, eller at ulike «sanningsvitne» får spalteplass i lokalavisa, men berre for utvalde barnehagar.

Om kvalitet skal vere eit kriterium i budsjettspørsmåla no eller seinare, ber me i tilfellet om ein grundig og seriøs vurdering av alle barnehagar. Og sjølvsagt ein gjennomsiktig og open prosess rundt dette.

5. Nokre ord til slutt

Me trur mange i Leirvik og Nordbygdo har kjent på korleis det er å vera nedleggingstrua i dei siste vekene - noko som familiar frå Sagvåg har vert gjennom tidlegare;

•At tilbod står i fare.

•At andre stader i kommunen synast viktigare.

•At det faktisk er ei påkjenning å måtte argumentere for velferdstilbod ein meiner er viktige, men som ikkje er sjølvsagt akkurat der likevel.

Uansett korleis denne saka ender, har den påført mykje uro blant foreldre og tilsette i barnehagane. Me treng tid til å reparere. Men i prosessen fram til dess, ber me om ryddigheit og ærleg spel – om spel er eit godt ord - nettopp for å gjere arbeidet etterpå så tillitsfullt som mogeleg.

Mariann Steinsland

på vegner av dei tilsette i avdeling Nysæter