Hamnesjef Inge Espenes jubla over å få kai-løyve på Eldøyane. Det fell ikkje i god jord overalt. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Om kai-løyve og sjampanje

Eg har mottatt nabovarsel frå Stord kommune. Det er mi erfaring at brev frå Stord mottatt på Altinn, aldri er godt nytt. Det var det ikkje denne gongen heller. Det vart varsla om auka støy i samband med utviding av kaien på Eldøyane. Då det allereie er uforsvarleg mykje støy frå før frå dette området, er det utruleg at det er godkjent at det skal bli endå meir. No skal det vera nye støymålingar, og er det for mykje støy i høve til fastsette grenser, skal det setjast inn støydempande tiltak, står det i varselet. Det høyrest jo bra ut, men det er ikkje på Eldøyane det skal setjast inn tiltak, det er hjå meg.

Les også
Kai-løyve på plass: – No har eg lyst på eit glas sjampanje

Det er i min hage det må setjast opp skjemmande støyskjermar, det er mine vindauge som må skiftast ut osb. Dette vil kommunen betale for, men berre viss det er heilt sikkert at kaien er ansvarleg, les eg i Sunnhordland. Eg fryktar det blir vanskeleg å slå fast kven som er ansvarleg for mest støy, pulverisering av ansvar.

Det som diverre er sikkert er at støyen, som vi naboar til Eldøyane må leva med dag og natt, no vil bli endå verre! Det same gjeld nok lys- og luktplager.

Det er det hamnesjefen feirar med sjampanje!

Liv Gullberg