Gisle Tjong.
Gisle Tjong. Foto: Magne Kydland

Om klimaforandringar m.m.

Norsk presse skriv at 97–98 % av forskarar på feltet, er einige om at klimaendringane er menneskeskapte. Dette er feil. Ein fysikar, Stein Storlie Bergsmark, har undersøkt dette, og hans funn er mildt sagt oppsiktsvekkjande, og må for all del ikkje verta teia i hel.

Hans tal er at litt under 1 % av forskarane er sikre på at det er slik. Og litt over 1 % er like sikre på det motsette. Og av resten, som er ca. 97,6 %, er det mellom 30 og 65 % som støttar påstanden, på ein eller annan måte.

Og like mange er nøytrale.

Poenget for desse mellomgruppene, er at dette er altfor komplisert til å komma med nokon einfaktor-forklaring på. Datamodellering er ikkje godt nok, verkelegheita er mykje for komplisert til det.

Vidare må det takast med i reknestykket at fornybar energi, per i dag, står for berre litt over 10 % av energibruken, globalt sett. Skal me fasa ut fossil energi, vil det vera veldig alvorleg for verdas fattige land. Energibruken må aukast, kraftig, for å få ein slags global energibalanse. At me vert stadig fleire, forsterkar sjølvsagt problemet. Det grøne skiftet vil altså gjera levekåra for dei fattige landa dårlegare, Om me altså ikkje fleirdoblar energiproduksjonen frå fornybare kjelder. Viss ein altså ikkje vil auka energiproduksjonen frå fossile kjelder, eller kjernekraft.

Gisle Tjong,

Stord