TALKNUSAR: Gisle Tjong. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Om Lotto-trekningar

I Sør-Afrika kom Lotto ut med denne vinnarrekkja no nyss: 5-6-7-8-9-10. Altså seks tal etter kvarandre i talrekkja. Av altså 48 tal med i trekninga.

Dette er som Viking-Lotto, der det er 12271512 ulike moglege rekkjer. Av dei er det 43 slike rekkjer som vinnarrekkja, frå 1-2-3-4-5-6, til 43-44-45-46-47-48.

Les også
Kvinne fekk sju rette i Lotto: – Å herregud, tullar du?

Og alle rekkjer er like sannsynlege, sjølvsagt. Sjansen for at ei slik rekkje skulle verta vinnarrekkje, er altså som 43 av 12271512. eller som 1 på 285384. Det er slikt som skjer, men det skal vera lang tid/mange trekningar imellom, for kvar gong. Om me seier at 150 land har kvar si veke-lotto-trekning, har me 7800 trekningar i året. Då bør noko slikt skje, ein eller annan stad, i snitt ein gong kvar 36-37 år. Så umogleg er det ikkje, kanskje er det i Noreg det skjer neste gong. Det hadde forresten ikkje vore så rart om det ein gong skjedde, for Lotto har vel vore eit spel omtrent så lenge?

Les også
Flaksen stordabu skal fiksa huset: – Første gong eg vinn noko som helst

Som nemnt, alle rekkjer er like sannsynlege, også denne typen rekkjer. Det hadde vore mykje meir rart, om noko slikt aldri skjedde.

Gisle Tjong