HAND I HAND: «Alkohol og psykisk helse heng ofte tett saman. I vanskelege periodar bruker mange bruker alkohol for å gjere livet enklare på kort sikt», skriv John Henrik Staveland Sæter i lesarbrevet som er skrive i saman med Katrine Gaustad Pettersen. Foto: Henrik Mundal Andreassen

«Opn opp om psykisk helse og alkohol»

10. oktober er verdsdagen for psykisk helse. Det er eit godt høve til å stoppe opp og tenkje over kor langt vi er komne, og kvar vi er på veg. Psykisk helse er noko som gjeld oss alle, og vi bør alle ta vare på den psykiske helsa vår, sjølv om det ikkje alltid er like lett. Omtrent halvparten av oss vil få ei psykisk liding i løpet av livet. Det vanlegaste er angst og depresjon.

Vi er blitt stadig flinkare til å setje psykisk helse på dagsordenen. Auka merksemd rundt dette viktige temaet har gjort det lettare å snakke om for mange. Det at det finst ein verdsdag for psykisk helse, er med på å gjere oss meir bevisste på utfordringar knytte til psykisk helse.

Men sjølv om vi er komne langt, betyr ikkje det at vi er i mål. Framleis synest mange at det er vanskeleg å vere opne, og for enkelte er det faktisk tabu å fortelje om psykiske utfordringar.

Slik er det når det gjeld alkohol og psykisk helse òg. Alkohol og psykisk helse heng ofte tett saman. I vanskelege periodar bruker mange bruker alkohol for å gjere livet enklare på kort sikt. Men slik «sjølvmedisinering» gjer problema verre på litt lengre sikt, og dei som drikk mykje, kan få nye psykiske utfordringar. Ikkje alle veit at alkoholisme faktisk er klassifisert som ei psykisk liding.

Tabuet knytt til det å snakke om psykisk helse minner om tabuet om det å snakke om alkoholproblem. Det kan vere veldig vanskeleg å fortelje nokon andre at ein har problem med alkohol. For alkohol er noko ein skal handtere sjølv — det er ei privatsak. Slik bør det ikkje vere. Alkoholproblem løyser vi best med openheit og i møte med andre.

Ei fersk undersøking som Ipsos har gjennomført på vegner av Av-og-til, viser at nærmare 2 av 5 i Stord har vore bekymra for alkoholbruken til ein venn. Det er alvorleg. Og det er nok ei påminning om at vi må snakke meir om psykisk helse og alkohol. Dersom du er bekymra for nokon, oppfordrar vi deg til å nytte høvet på verdsdagen. Strekk ut ei hand og spør vedkommande korleis det går. Og dersom du sjølv står midt i mørke dagar, vil vi oppfordre deg til å prøve å opne opp om utfordringane du står i, sjølv om det er både vondt og krevjande.

Slik kan vi komme eit steg nærmare eit opnare og meir inkluderande samfunn. Gratulerer med verdsdagen!

John Henrik Staveland Sæter, SLT-koordinator og Av-og-til-koordinator, førebyggjande tenester i Stord kommune

Katrine Gaustad Pettersen, fungerande generalsekretær i Av-og-til