Leirvik Sjø: Utbyggingsprosjektet har skapt debatt. illustrasjon: JK ARKITEKTUR

Opplysning og historikk kring Leirvik Sjø

Eg viser til Bladet Sunnhordland vedr. bustadprosjekt Leirvik Sjø. I avisa 11.des., under tittelen «Rådmannen og Leirvik Sjø», skriv Rita Berger at det å vera rådmann på Stord må vera behageleg all den tid han kan velja å sjå bort frå faglege råd frå overordna myndigheiter og bekymring frå enkeltpersonar som får sitt bumiljø forringa og sannsynleg verdifall på eigen eigedom. Ho forventar ikkje at rådmannen skal ha spesielle kunnskapar om arkitektur, byplanlegging og estetikk, men ho forventar derimot at han skal ha kjennskap til det lovverk han skal forvalta. Ho skriv dessutan at prosjektet øydelegg for naboar og befolkning, sameleis inn og utsyn.

I avisa 18.des. skriv ho under tittelen: «En underleg oppleving — Leirvik Sjø», at ho var tilhøyrar i utval for Plan og utvikling for å følgja debatten. Ho skriv vidare at sjølv om andre høyringsinstansar hadde ulike innvendingar mot prosjektet, brukte utvalet berre 7 minutt på å avgjera saka, og om at alle medlemmer i utvalet for Plan og Utvikling var einige med rådmannen si vurdering, hadde ho forventa at eit fagleg politisk utval gjorde ei grundig drøfting av saka. Ho trugar og med at prosjektet skapar konflikt og advokatmat i år framover.

Mange etasjar: Svein Klingsheim har fått kritikk frå naboane i Brotalio for at Leirvik Sjø skal bli for høgt. Hans eige fotografi viser at Brotalio sjølv er bygd i seks høgder. Foto: Svein Klingsheim/privat

Måndag 16.des. i Bladet Sunnhordland, under tittelen «Offentleg høyring — berre eit spel for galleriet», skriv Svein Grutle at når aktørar for Fylkesmannen og Fylkeskommunen peikar på at byggjehøgda er vel høg og at naboane meiner det same er det vanskeleg å sjå at høyringa har noko for seg, når rådmannen set dei til sides med ein setning. Han skriv vidare at dei næraste blokkene i Brotalio vil miste utsikt. Rådmannen si vurdering er at ei utbygging i nord vil få ein avgrensa negativ verknad. Fredag 20 des., kommunestyremøte med Leirvik Sjø på agendaen. Bladet Sunnhordland skriv under tittelen «Misnøgd med Leirvik Sjø», der Svein Grutle som bur i Brotalio var einaste tilhøyrar. Han seier følgjande at det var mest morosamt at dei så å seia berre diskuterte parkering og elbilar. Han ville heller hatt mindre hus som følgjer terrenget betre. Han trugar dessutan med at siste ord er ikkje sagt enno, utan at han vil seia kva ein finn på.

Med omsyn til den skildringa Rita Berger og Svein Grutle hadde i avisa om at vår rådmann, Utval for plan og utvikling og Stord kommunestyre er langt utanfor rimelighetens grense, er det opp til kvar enkelt å vurdera, men eg har mi meining om det. Leirvik Sjø er eit bustadprosjekt eg har arbeid med i over 10 år. Eg har vore på mange synfaringar rundt om i landet for å studera tilsvarande byggjeprosjekt, og i det høvet snakka med både byggherrar og prosjektleiarar.

Les også
Leirvik Sjø eit steg vidare

Dette for å gjera byggjeprosjektet best mogeleg, og for å unngå feil som er gjort i andre prosjekt. Dessutan har Jo Kjetil Nielsen i firma JK arkitektur, og Karoline Eldøy i firma Abo Plan & Arkitektur gjort ein særs god jobb for at prosjektet skal verta så bra som mogeleg for alle partar. Sidan dette bustadprosjektet ligg i eit verna området, er det særdeles mange omsyn som må takast, og eg kan med stor sikkerheit seia at det er ingen bustadprosjekt på Stord som det er lagt ned så mykje forarbeid i. Det trur eg JK arkitektur og Abo Plan og Arkitektur kan bevitna.

Når det gjeld avstand til vår nabo Brotalio, har me eit naust som ligg ca. 75 cm frå deira grense. Dette har me tenkt å ta bort, og området her vil verta erstatta med ei lita båthamn, med plass 6—8 småbåtar. Tidlegare hadde me teikna inn 4 bustadblokker i nedste rekke mot sjøen ved strandpromenaden, med ein avstand frå Brotalio på 4 meter, noko som også er Brotalio sin avstand til vår eigedom. Me har i seinare tid redusert dette frå 4 til 3 bustadblokker, med ein nedre avstand på ca. 14 meter frå Brotalio.

Tek utsikt: Svein Klingsheim skriv i lesarbrevet sitt at Brotalio tek utsyn mot Leirvik frå hans tomt, der han no planlegg leilegheitsprosjektet Leirvik Sjø. Sjølv skriv han at det er lagt ned mykje arbeid for at Leirvik Sjø skal ta minst mogeleg av utsynet for bebuarane i Brotalio. Foto: Svein Klingsheim/Privat

Når det gjeld byggjehøgde så har også Brotalio bygg på 4, 5, og 6 etasjar.

Når det gjeld utsikt som Brotalio hevdar dei mistar, så er ennå ikkje det bygget oppfunne der naboar ikkje mistar utsikt. Brotalio sitt bygg mot meg gjer at eg har mista utsynet mot Leirvik hamn. Likeins har deira naboar opp mot Borggata mista sjøutsikt og sameleis deira naboar nærast Leirvik Brygge. Altså skuggar Brotalio for naboar på 3 sider av bygget. Men det har visst ingenting å seia i denne samanheng. Eg kan i alle fall seia at me har lagt ned mykje arbeid for at vår nabo Brotalio skal miste minst mogeleg utsyn, noko som ikkje vart gjort då Brotalio vart bygd. Eg sit igjen med å sjå på ein lang 4 etasjar høg husvegg langs mi grense mot Brotalio.

Eg les elles i Bladet Sunnhordland 11. desember at Rita Berger fryktar verdifall på bustadene i Brotalio. Eg kan trøysta ho med at ekspertar på området seier at bustadene heller vil stiga i verdi. Me vil i vårt byggjeprosjekt byggja blant anna ein fin strandpromenade knytt saman med eit flott bruprosjekt, ei flott badevik og mange raste- og rekreasjonsstader til glede for så vel Brotalio, som for mange av øya sine innbyggjarar.

Les også
En selsom opplevelse – Leirvik sjø

Dei neste stega no i prosjektet er å laga byggjeteikningar og så å lyse ut bustader som vil vera frå ca. 60 – 150 m². Me har alt ei lang liste med potensielle kjøparar utan at nokon har fått direkte lovnad, då alle skal ha lik mogelegheit når byggjeprosjektet vert lyst ut. Også svært nære slektningar av dei som bur Brotalio samt venner og kjenningar har meldt interesse for bustadkjøp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg kan elles opplysa om at eg under prosjektperioden fleire gonger har vorte ramma av alvorleg sjukdom, noko eg framleis slit med. På grunn av dette og i samråd med nære familie, har eg tatt kontakt med fleire seriøse firma som sa seg villig til å vidareføra byggjeprosjektet. Valet fall då på firma W. Engelsen. Wilhelm Engelsen og siv.ing. Øyvind Jørgensen, som står bak byggjeprosjektet Teinevikjo, har fått tid på seg til å vurdera mitt prosjekt Leirvik Sjø. 20/11 2019 vart me samde om ein intensjonsavtale, der dei har mogelegheit på eit seinare tidspunkt å kjøpa seg inn i prosjektet. Eg har hatt eit svært godt samarbeid med Wilhelm Engelsen og Øyvind Jørgensen, og vil ha det heilt til prosjekt Leirvik Sjø er ferdigbygd. Me ynskjer eit godt naboforhold til alle bebuarar i Brotalio, og kan gjerne møtast for ein presentasjon av prosjekt Leirvik Sjø.

Med beste ynskjer om eit godt nytt år til alle .

Svein Klingsheim