OPPRØRT: – Eg vert difor uroa når eg les utsegner frå UNE som kan tyda på at omsynet til barnet sitt beste har måtta vika for andre omsyn i denne saka, skriv Stord-ordførar Gaute Straume Epland i eit brev til Utlendingsnemnda, om saka til Sabrin Mohammed Ali og barna hennar. Foto: Privat

Oppmoding om ny vurdering av saka til Sabrin Mohammed Ali

Brev til Utlendingsnemnda

Saka til Sabrin Mohammed Ali, som dei siste månadene har budd saman med dei to sønene sine på Stord mottakssenter, har skapt stort engasjement i lokalsamfunnet etter at det rett før jul vart kjent at Sabrin ikkje får bli verande i Noreg. Ei støttegruppe på Facebook oppretta av to lokale kommunestyrerepresentantar for to dagar sidan tel no ca. 3500 medlemmer. Onsdag ettermiddag blei det halde ei støttemarkering både her på Stord og i Bergen som samla fleire hundre menneske. Eit stort fleirtal av partia i kommunestyret på Stord har også engasjert seg i saka.

Les også
Små og store samla seg for Sabrin og barna: – Det er på tide å endra på ting, i staden for å berre snakka om det

Det som framfor alt opprører, er at denne saka går sterkt ut over uskuldige born. Dei to sønene til Sabrin er fødde i Noreg og har budd her heile livet. Når mora deira no ikkje får bli verande her i landet, blir borna anten tvungne til å forlata heimlandet sitt, eller til å skiljast frå mora si.

Eg kjenner saka frå media og ha difor ikkje kjennskap til alle detaljane i den. Eg vil likevel tillata meg å understreka at barnet sitt beste skal, ut frå både Grunnlova og Barnekonvensjonen, vera eit grunnleggjande omsyn i saker som omhandlar barn, dvs. eit omsyn som skal gå føre andre omsyn. Eg vert difor uroa når eg les utsegner frå UNE som kan tyda på at omsynet til barnet sitt beste har måtta vika for andre omsyn i denne saka. I så fall kan ikkje eg sjå at det er i tråd med intensjonen i lovverket.

Eg vil difor be om at vedtaket vert sett på vent slik at det kan gjerast ei ny vurdering av Sabrin Mohammed Ali si sak der omsynet til kva som er best for dei to sønene hennar, vert tillagt den vekta det etter lovverket skal ha.

Med venleg helsing,

Artikkelen held fram under annonsen.

Gaute Straume Epland

Ordførar

Les også
Oppretta gruppe for å visa støtte til Sabrin og barna