Meiningar: Karina S. Mæhle reagerer på at det er brukt bilete av vindmøller på framsida av sommarmagasinet frå Stord og Fitjar kommunar. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

«Øya mi»

Takk for flott «Sommar»-magasin frå kommunane Stord og Fitjar, men eg reagerer på bilete av vindmøllene på framsida – er dette den beste kvaliteten ved Stordøya og som gjer øya til mi øy?

I Bergens Tidende, fredag 19. juni vart 18 aktuelle vindkraftutbyggingsområde i Hordaland omtala, og nr. 8 er «Nye planar i Fitjar» der dei skriv at Midtfjellet Vindkraft har sendt melding til NVE om planar for 40 nye vindturbinar i Grønafjellet. Politikarane har sagt «Nok e nok», men eg redd ei slik framsida har symboleffekt når kommunane Stord og Fitjar brukar eksisterande vindmøllepark som skrytebilete. Dette kan lett takast til inntekt for dei som vil byggje ut fjellheimen vår ...

Kva burde magasinframside fortelje?

Øya mi – er den vakre staden i havgapet med skogsfugl, hare, aura som leikar i småvatn, hjort som beiter i lyngheier og myrar som yrer av liv heilt ned til den minste knott. Der eg kan vandre frå fjorden, over åsane og fjella, og det einaste eg ser i horisonten er havgapet.

Øya mi – er der folk tek vare på naturmangfaldet og hegrar om flyttruter for hjortevilt, gytebekkar for fjellaure, spelplassar for orrfugl. Slik at dei som kjem etter oss kan setta seg på ein knaus å sjå utover urørt natur, og det einaste dei høyrer er ospelauvet som skjelv i ettermiddagsbrisen.

Øya mi – er der me alle seier «Nok e nok».

Mvh Karina S. Mæhle