Torbjørn Røe Isaksen.
Torbjørn Røe Isaksen. Foto: Marius Knutsen

«På parti med bedriftene»

Vi må tilbake til 2008 og 2009 for å finne like låg registrert arbeidsløyse som no. I dag er det klare betringar i arbeidsmarknaden i Hordaland, som vart hardt ramma av oljeprisfallet i 2014.

NAV Hordaland melde i desember om at auka oljeinvesteringar gjev auka sysselsetting, og at dei framleis ventar nedgang i arbeidsløysa i 2019. Vidare kan SSB melde om auka omsetning og forventingar om auke i investeringar i industrien 2019. Det er gode nyheiter for bedriftene og for næringslivet.

I ei meiningsytring på siste dag i 2018 hevdar stortingsrepresentantMagne Rommetveit (Ap) at regjeringa sviktar sunnhordlandsindustrien, og at det er satsa for lite for å få folk i arbeid. Statistikken viser at det ikkje stemmer.

Det at pilane peiker i riktig retning båe når det gjeld arbeidsløysa (nedover) og investeringar (oppover) har òg resultert i at omfanget av permitteringar har blitt vesentleg redusert.

I ei tid med betring i arbeidsmarknaden er det viktig å ikkje hindre naudsynt og ønska omstilling. Permitteringar er eit verkemiddel for arbeidsgjevar til å halde på arbeidskraft i periodar med midlertidig svikt i etterspurnaden. Utviding i permitteringsregelverket når arbeidsmarknaden vert svekkja, bør reverserast når situasjonen blir meir normal som no.

Vi må ha ein politikk for å skape nye trygge arbeidsplassar og bidra til lønsam omstilling i bedriftene. Regjeringa har lagt fram den fyrste industrimeldinga sidan 1980. Vårt mål er at Noreg skal vere ein leiande industri- og teknologinasjon.

Petroleumsnæringa vil enno ha stor verdi for norsk økonomi i mange år framover. Regjeringa har difor lagt vekt på ein stabil politikk for denne næringa. Det er utvilsamt viktig for mange arbeidsplassar i Sunnhordland.

Torbjørn Røe Isaksen,

næringsminister (H)