UNDERHELDT: «Dette er sjølvsagt meir enn ein konsert. Det er ein meisterskap i mot. Det er ei oppvisning i måloppnåing. Det er kinderegget hjartestartar, tårelirkar og hoftebevegar», skriv Endre Olsen. Foto: Privat

«Palmesus og bølgjeskvulp - ein eksotisk konsert med MU»

Rapport frå sidelinja.

Konsertsalen på Stord vgs., fredag 24. april, klokka 10.00: Idet koret summar seg, kikar ut på ein smittevernforsvarleg full sal, trekkjer pusten, og slepper ut sitt første kraftfulle «Get up, stand up! Stand up for your rights!» er eitt langt år med førebuing over. Og idet dei syng Bob Marley sine legendariske kamprop, er det nett dette dei gjer; reiser seg og står opp, for deira og mine rettar til å vera nett dei me er. For mangfald. For fridom. Mot det kjedeleg konforme. Mot fordomane. For betre tider. Dei betre tidene er her no, i denne salen, på denne scena, i denne forgylte halvtimen.

Sten Erik Økland som første stødige solist i front av eit sprekkeferdig kor, Marcel Arendt sin pumpande bass, Helena Storelid og Håkon Utne Nesse sine taktfaste og eksotisk krydrande keyboard-tonar, Trine Økland og Marie Flygansvær sin mjuke ukulele-klang som varsamt stryk dei musikalske arrangementa medhårs over ryggen. Dei neste solistane som sydhavsperler på snor: Kaptein Tørres Haugan Myklebust med rungande Drunken Sailor og Banana boat song, Sten Erik igjen som gjennom No Woman No Cry forsikrar oss om at alt kjem til å bli bra, Marie som legg frå seg ukulelen og gir oss den sterke Buffalo soldier, Emilie Bekkevold som i eggande salsarytmar spør oss «Ser du kor bra eg har det? Kor sikkert og modig eg tar det?» — ja visst gjer me det! John Bernhard «JB» Kleppe med ei var, tysk voggevise før Willy Andre Mosheim Lorentsen sin eksplosivt avsluttande La Bamba. Det heile fjellstøtt leia og saumlaust sydd saman av konferansierane Daniel Hovland og Emilie Bekkevold. For ein gjeng!

La meg seia det éin gong til så alle høyrer det: FOR EIN GJENG! Dønn fokuserte på oppgåvene sine, men med blikket heva og plenty overskot til å få scena og salen til å gynga, som ein båt på karibiske bølgjer. Ein båt me er samla i denne solrike stunda; artistar, publikum, brør, søstrer, foreldre, besteforeldre, støttekontaktar, naboar, kollegaer, lærarar, miljøarbeidarar, vener gamle som nye. Medmenneske.

For dette er sjølvsagt meir enn ein konsert. Det er ein meisterskap i mot. Det er ei oppvisning i måloppnåing. Det er kinderegget hjartestartar, tårelirkar og hoftebevegar.

Kor mykje meir gøymer seg i dine medborgarar enn det du skimtar blant kvardagsrutinane? Sjå denne konserten og konkluder med eit rungande «så uendeleg mykje!». Sjå det i dei målretta stega til solistane idet dei trer ut av koret i retning den flaumbelyste mikrofonen. Sjå det i dei vakre vidopne augo som møter den vekselvis gapande tause og hemningslaust applauderande forsamlinga. Høyr det i dei signaturfylte stemmene og instrumenta deira, idet dei fullfører det dei har øvd i eitt år på å fullføra. Høyr det frå meg, eller ein heilt vilkårleg blant dei heldige par hundre som fekk det med seg. Frå ein audmjuk medmusikant til alle på Avdeling for meistring og utvikling på Stord vidaregåande skule: Evig respekt!

Endre Olsen