REAGERER: Lesarbrevskribenten reagerer på dette skiltet. Foto: Privat

Parkering på moloen

Litt historikk først. Stord Båtlag (SBL), har sidan før moloen vart laga tidleg på 60-talet, vore ein ivrig aktør og pådrivar for å etablera og drifta småbåthamn på Vikjo. I alle desse åra, og med skiftande hamneleiing, har ein kunne parkere vederlagsfritt på moloen. Så i fjor, utan forvarsel, kom det opp skilt som fortel at her kan du berre parkere dersom du har løyve. Det vert trua med borttauing dersom du ikkje har løyve. Skilta som kom opp er utan tidsavgrensing, skilta gjeld 24/7, heile året, og gjeld for alle.

«Styrelsen» i SBL var etter at skilta kom opp, i møte med hamneleiinga der dei ba om ei forklaring på kva dette ville innebera for laget sine medlemmer. Svaret ein då fekk, slik det vart oppfatta, var at SBL kunne sjå bort frå skilta. Skilta var sett opp for å «skræma andre» frå å parkere der. I år har dette endra seg. No krev hamnesjefen leige på parkering på inntil 10 parkeringsplassar fra SBL. Alternativt til å betale leige «tilbys» båtlagets medlemmer å gjera dugnad for tilsvarande beløp, i småbåthamna for hamnevesenet! Leiga som vert kravd pr. parkeringsplass, pr. månad er omtrent lik det ei båthamn nord om bekken, med 3-400 båtplassar, betalar i areal leige til kommunen i året!

Kvifor i all verda skal medlemmene i SBL, som dei einaste, måtte betale for å parkere på moloen? Moloen er offentleg med fritt tilgjenge og fri parkering for alle. Og slik lyt det vera.

Kva politiske vedtak er det, om det er nokon, som ligg bak dette kravet? Kor tid vart det bestemt at kun dei som leiger båtplass hjå hamnevesenet har einerett til parkering på moloen? Og kor er Stord kommunalteknikk, som eigentleg eig parkeringsplassane i kommunen?

Er dette ein ny forretningside til hamnesjefen? Stilla store økonomisake krav til eit båtlag som allereie ligg nede med mest knekt rygg etter utbygginga i Teinevikjo. Der SBL, til pålegg fra nettopp hamnesjefen, måtte redusera talet på båtplasser. Er det slik ein skal dekka inn innkjøp av «fancy» bilar, båtar og anna utstyr til hamna? Eller kan det vera så banalt at hamnevesenet gir etter på utidig gnål frå leigetakarar som ikkje finn «sin» parkeringsplass ledig når dei skal på sjød`n?

Ja, det er mange tankar og spørsmål som kjem opp. Hadde vore kjekt om nokon kunne gi svar. Uansett, det å finne parkeringsplass på moloen har så langt ikkje vore noko stort problem, sjølv på fine vår-, sommar- og haustdagar. Har heller ikkje, for å nemne det, så langt sett at nokon har parkert slik at det kunne vera til hinder for utrykningskøyrety.

Skrive i affekt av

Dag H Gravdal, medlem i SBL