Ungdomsskulen på Nysæter er så dårleg at han snart ramlar i hovudet til lærarar og elevar, men rådmannen foreslår å kutta i kostnadane til nybygg der, skriv Per Enoksen.
Ungdomsskulen på Nysæter er så dårleg at han snart ramlar i hovudet til lærarar og elevar, men rådmannen foreslår å kutta i kostnadane til nybygg der, skriv Per Enoksen. Foto: Ingvild Siglen Berger

Politikarar og prioritering av pengar

Av og til lurer eg litt på kor smarte løysingar dei folkevalde og byråkratane i denne «byen» har?

Me har nettopp vore igjennom ein stygg budsjettrunde der alle dei svake blei meisla vekk og kasta på sjøen som avfall og no vil dei plutseleg pussa opp sitt eige hus for nesten 30 millionar kroner?

Eg berre lurer på kor vitet er i denne samanhengen?

Dagsenteret som blir lagt ned gir i dag tryggleik for menneske som treng faste og trygge rammer rundt seg. Å flytta på dei er ikkje det same som å setja «byens» byråkratar på plenen i partytelt. Den omstillinga greier byråkratar sikkert godt etter litt streiking.

Fritidsklubbane førebyggjer ungdomsutgliding på det sosiale planet og dei skulle heller hatt ope to dagar meir i veka!

Ungdomsskulen på Nysæter er så dårleg at han snart ramlar i hovudet til lærarar og elevar, men rådmannen foreslår å kutta i kostnadane til nybygg der.

Forslaget mitt er å kutta ut oppussing av rådhuset og heller bruka dei midlane på folket: Dagsenter, fritidsklubbar og ny flott skule for framtida på Nysæter.

Dette bør bli valkampsaker for folket i denne kommunen, og kampen må me starta no!

Per Enoksen,

Stord

Artikkelen held fram under annonsen.

innflyttar frå Ryfylke