Ras, ferjereiser og omkampar

Magne Misje går i eit lesarinnlegg til rette med lokalavisa, ordførar og stortingsrepresentantar og andre som har ei anna meining enn det han har om traseval og omkamp i høve Hordfast-prosjektet.

I same innlegget er mitt namn nemnt. Dette utifrå eit lesarinnlegg eg sjølv hadde i samband med at fylkesutvalet i Vestland hadde sett heilt bort frå Sunnhordland sine interesser i høve innspel til NTP. I innlegget til Misje blir eg knytt opp til meiningar og kommentarar som er langt få det eg skriv og meiner.

Eg har ingen ønske om å drive noko polemikk i avisa basert på Misje sine kjensler knytt til ras og vegbygging. I innlegget mitt var heller ikkje Misje nemnt. Når eg nemnte politiske fargar, var det mynta på fylkesutvalet. Om Misje kjenner seg inkludert i den flokken som eg meiner av ulike grunnar vil sabotere Hordfast, veit han best sjølv.

Eg les ofte med interesse Misje sine lesarinnlegg, der han skriv med god penn om mangt og myke, men der han også røper manglande kunnskap og fakta om mangt og mykje. Det gjeld også dei områda i innlegg sitt han knyter mitt namn opp mot.

No har det seg slik at noko av dette ligg innafor det som har vore mitt eige fagfelt i fleire 10 år i industrien og fagkomitéarbeid, så som risikovurderingar, årsaksanalyser, HMS og Kvalitsikring.

Av erfaring veit eg at dette ikkje alltid er lett å formidle eller forstå, så eg vel å tolke Misje i den retning at eg ikkje har klart å uttrykke meg på eit nivå som går inn hos Misje. Eg skal ikkje være «belærende», men vil berre forklare at når eg snakkar om risiko, så er det produktet av sannsynleghet av at ein hending skjer og konsekvensen av at denne hendinga skjer. Her finnes det ulike reknemodellar.

Ut frå dette vil eg derfor berre gjenta med andre ord det eg peika på i innlegget mitt:

Det er ikkje gjort risikoberekningar av E 39 og Vossavegen som også inkluderer storulykker og ferjestrekningar. Det er derfor ikkje noko objektivt grunnlag for å sei at den eine vegen er farligare enn den andre. Eg snakkar ikkje her om kva risiko Misje og andre føler.

Om Misje meiner, som han skriv, at dette er fantasifulle forteljingar om ferjeulykker, kan eg vise til; Scandinavian Star (1990) 159 omkomne, Estonia (1994) 850 omkomne, Herold of Free Enteprise (1987) 193 omkomne. Ut frå det Misje skriv, må også dei som har plassert redningsflåtar, redningsvestar og brannsløkkingsutstyr om bord i ferjene være like fantasifulle.

Når det gjeld risiko for storulykker viser eg også til professor NTNU, Jan Erik Vinnem sin artikkel i BT 02.07.2019. Han er ein kapasitet på området.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg peika også i innlegget mitt på at det var uredeleg å bruka begrepet «Dødsveien» på Vossavegen og late som om at dødsulykkene på vegen er forårsaka av ras, når det er heilt andre årsaker til disse ulykkene. Ingen trafikant har omkomme som følge av ras på Vossavegen.

At trafikanter har frykt for ras har eg forståing for, men at aksjonister skal drive opp denne frykten med skremsler, for å fremme si eiga sak, har eg ingen forståing for. Dette kaller eg kynisk spill. Fakta viser at det er liten sannsynlighet for trafikanter å miste livet i ras på norske veier. Den siste rasulykke kor liv gjekk tapt var i Jølster i juli 2019 under flomværet. Før det må ein tilbake til 2013 der ein person omkom i Nordland. I 2002 omkom to personer ved Eidfjord då ein buss blei blåst på sjøen av eit snøras. Som ein ser er det heilt andre årsaker enn ras til dei fleste dødsulykkene på vegane.

Eg vil ikkje kommentere meir av det andre Misje skriv, utover å peike på at det finnes sikrare data for trafikkmengde, hastighet, og anna utover det Misje opplever på ei tilfeldig ferjereise med lite trafikk i disse koronatider. SVV har oppgåver over ÅDT, og som er å stole på. Framskriving av disse data blir gjort av ekspertar på området.

Elers så har Kjellbjørg Lunde i eit lesarinnlegg nylig gitt oss ein fyldig innføring i dei omfattande byråkratiske og politiske prosessar slik veganlegg må gå igjennom. Dermed veit me også kva ny «ørkenvandring» ein omkamp ville føre til.

Eg tar gjerne ein vegprat med Magne Misje når det måtte passe. Kanskje har me eingong ikkje vore ueinig om trasé heller. Men det er lenge sidan det, og forutsetningane har endra seg mykje sidan den gang. Men kanskje me no hadde vore i gang med bygging av Hordfastprosjektet. Kven veit. Men me bør ikkje endå ein gong lata «det beste blir det godes verste fiende», for å sitere Voltair, (eller omvendt).

Med dette ønske eg Magne Misje ein god sommar.

Jan Helge Nesse