Gisle Tjong.
Gisle Tjong. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Rasfare i Uføro

Det første du ser, etter å ha køyrt langsmed fjellet forbi Uføro, er eit skilt som varslar om fare for steinras. Og det er høgst reelt, for eg måtte køyra slalåm mellom relativt store steinar i vegen, no på sundag. Med litt fallhøgde, kunne fleire av dei ha teke livet av eit menneske, ingen tvil om det. Så bruk tunnelen, det er mykje tryggare. Eller sikra vegen, få ned det som kan koma ned, ein gong for alltid. Eg ser ikkje noko skilt for at tunnelen skal vera stengt for syklistar, så difor seier eg det slik.

Eg kan ikkje skjøna anna enn at Vegvesenet sine folk ryddar opp der med jamne mellomrom. Eg skulla ha likt å sjå alt som har kome ned, samla i ein haug. Men det får eg nok aldri.

Gisle Tjong