SMULAR: Dette er ein provokasjon både mot gardbrukarane og alle som ynskjer levande distrikt, skriv Mohammed Kallel i uttalen for Raudt Hordaland. Foto: Per Lønning

Raudt Hordaland støttar bondeopprøret

Regjeringa ga aksjeeigarane 2,6 milliardar i skattegåver då dei kutta i formueskatten i fjor. Den same regjeringa tilbyr matprodusentane smular i årets landbruksoppgjer. Dette er ein provokasjon både mot gardbrukarane og alle som ynskjer levande distrikt og styrka matproduksjon og sjølvberging i dette landet. Raudt støttar bondeopprøret som no er i gong, og meiner at Stortinget må ta ansvar for ein ny landbrukspolitikk der spesielt mindre og mellomstore bruk må få eit kraftig styrka livsgrunnlag

Tilbodet frå regjeringa er ei vidareføring av den strukturendringa, sentraliseringa og raseringa av landbruket som har pågått i fleire tiår og som vart kraftig forsterka av tidlegare landbruksminister Sylvi Listhaug (FrP) etter 2013. Etter kvart jordbruksoppgjer er det fleire og fleire gardbrukarar som gir opp, med dei vilkåra staten tilbyr.

Les også
Lokale bønder markerer sin misnøye med gigantisk banner på Tveitahaugen

Hadde regjeringa tatt landbrukspolitikken, sysselsettinga og busetjinga i distrikta, klimaendringane og matbehovet i verda på alvor, hadde dei moderate krava frå bøndene i årets landbruksoppgjer blitt innfridd.

Raudt meiner at Stortinget må syte for at jorda blir halden i hevd når ikkje regjeringa gjer det. Raudt vil i Stortinget stille forslag om at dei som jobbar i landbruket skal bli sikra eit inntektsnivå og sosiale vilkår på lik line med andre grupper i samfunnet. Om ikkje dagens stortingsfleirtal har politisk vilje til dette, vil Raudt etter stortingsvalet vere i første rekkje for å styrke og vidareutvikle matproduksjonen i heile landet. Raudt støttar difor dagens krav frå landbruksorganisasjonane på 2,1 milliardar.

Mohamed Kallel, stortingskandidat Raudt for Hordaland