REAGERER: – Det må vere nulltoleranse for subsidieeksport, slik at ikkje midlar frå Enova hamnar på spanske skipsverft i staden for verfta på Stord, skriv Raudt og Sofie Marhaug i lesarbrevet. Foto: Privat

Raudt vil fornye og styrke verftsindustrien — ikkje forby han!

Det kan verke som at Ap-leiar Jonas Gahr Støre er redd for at verftsarbeidarane og andre veljarar skal oppdage at Raudt er partiet for dei, sidan han kjem med eit så useriøst angrep på Raudt i Sunnhordland Avis 19. februar.

Det er ikkje riktig at Raudt vil ha eit forbod mot mykje av verftsindustrien på Vestlandet, slik Ap-leiaren hevdar. Vi meiner tvert imot at verftsindustrien er heilt avgjerande i den store og miljøvennlege omstillinga som må og vil komme dei neste åra. Dette er eit merkeleg angrep på Raudt og andre delar av venstresida. Ein skulle tru at Ap-leiaren ville samarbeide med partia på venstresida for å sikre regjeringsskifte og løysingane på klimakrisa ikkje endar opp som massearbeidsløyse.

Les også
Støre kallar fagrørsle-strid på Stord for tøff. Men no meiner han tilsette i industrien vil sjå eit Ap som kjempar deira sak

Det er dagens oljearbeidarar og verftsarbeidarar som skal byggje morgondagens klimaløysingar. Utan ein offensiv og planmessig nasjonal industripolitikk blir omstillinga av oljesektoren ei omstilling til arbeidsløyse, der arbeidsfolk og lokalsamfunn tek kostnaden.

Difor meiner Raudt at det trengst enorm statleg innsats for alternativ industriutvikling i heile landet etter kvart som produksjonen av olje- og gass vil gå ned kraftig dei neste åra. Det var staten som bygde opp det norske oljeeventyret, og det bør vere staten som tek hovudansvar for å skape og leggje til rette for nye, grøne arbeidsplassar. Raudt vil ta Equinor av børs, avvikle utanlandssatsinga i olje- og gassprosjekt og gjere selskapet til eit industrilokomotiv for samfunnsbygging i heile Noreg.

Hydrogen og karbonfangst er døme på verkemiddel som kan vere med å kutte utslepp frå norsk industri ganske kraftig. Dette er avhengig av statlege investeringar til teknologiutvikling og implementering. I tillegg bør vi satse på grøn skipsfart langs kysten, og nullutsleppsferjer og snøggbåtar til kraftig reduserte prisar. På Vestlandet er det dessutan geotermisk energi som kan utnyttast, slik Raudt har foreslått på Stortinget.

Men dette krev politisk vilje og handling. Utflagging og statleg stønad til prosjekt i utlandet er ei utvikling som Raudt vil stoppe. Det må vere nulltoleranse for subsidieeksport, slik at ikkje midlar frå Enova hamnar på spanske skipsverft i staden for verfta på Stord.

I staden for ein offensiv nasjonal industripolitikk, ser vi diverre at Arbeidarpartiet ofte allierer seg med Høgre når dei seier ja til ACER (norsk tilknyting til EU sin energiunion) og eksport av norsk kraft i byte mot import av europeiske straumprisar. Dette er etter Raudt sitt syn eit stort trugsmål mot den norske industrien og den konkurransekrafta han har — ikkje minst i for den kraftforedlande industrien på Vestlandet og for fastlandsindustrien elles i landet.

Les også
Sveisaren ser raudt etter Støre sitt intervju med Sunnhordland

Vi vil dessutan utfordre dei andre partia på kva dei vil gjere for å stoppe sosial dumping. Det er eit stort problem, som særleg rammar innleidd arbeidskraft og som fører til at lokal arbeidskraft blir utkonkurrert. Det ser vi i dag med 200 000 arbeidslause samstundes som vi leiger inn arbeidskraft i alle bransjar. Vi vil at dei som arbeider i Noreg skal få same løns- og arbeidsvilkår. Raudt vil gjenreise den offentlege arbeidsformidlinga og fase ut bemanningsbransjen. Vi vil ha ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk der arbeidskontora skal ha ei viktig rolle når det gjeld å skaffe industrien nok arbeidskraft med dei rette kvalifikasjonane.

Vi vil forby angrep på industriarbeidarane, men vi vil ikkje forby industrien. Raudt vil bruke den kunnskapen og arbeidskrafta vi har til å satse på og fornye industrien.

Mohamed Kallel, 4.-kandidat for Raudt til Stortinget og tilsett i Aker Solutions på Stord

Artikkelen held fram under annonsen.

Terje Kollbotn, 2.-kandidat for Raudt til Stortinget

Sofie Marhaug, 1.-kandidat for Raudt til Stortinget