SPØRSMÅL: Svein Klingsheim skriv at han har fått mange spørsmål etter ein artikkel om den økonomiske stoda i Cubus. Tidlegare i år vart det klart at familien Klingsheim selde butikken. Foto: Henrik Mundal Andreassen

«Artikkelen om korona-stenging av vår butikk, førte til stor omsetningssvikt og me såg oss nøydde til å stengja»

«Cubus på Amfi Stord gjekk på kjempetap før kjeda overtok butikken», er overskrifta nettavisa Stord24 og Jonas Sætre har nytta.

Til dette kan eg berre seia at Cubuskjeda ikkje har overtatt vårt firma, A/S Lei-Ma, som utad vert markedsført som Cubus Amfi Stord, noko som er vanleg kotyme for å markera kor Cubusbutikken ligg. Eg har i det siste fått mange titals forskjellige spørsmål etter overskrifta i Stord24 , og får det stadig når eg er på Leirvik eller i ærend ute på Heiane, Men også på stader utanfor øya.

(Les tilsvar frå Stord24 nedst i saka)

Kanskje eg i den samanheng kan ta med litt historikk som kan vera med på å gi svar på nokre av dei mange spørsmål eg får om dagen vedrørande vår virksomhet, på grunn av artikkelen i Stord24.

Les også
Klingsheim har selt Cubus-butikken

Min far Lars Klingsheim var tidlegare ansatt i Jonas Øglænd i Sandnes, som dreiv Noregs største konfeksjonsfabrikk, og som selde klær til butikkar over det ganske land . I Sandnes hadde min far og mi mor Magda Kligsheim og mine to eldre søsken bolig. I 1935 fekk han tilbod frå ein kjøpmann som heite Grønland, og som kjøpte klær hos fa. Jonas Øglænd, om han ville kjøpa butikken han dreiv i øvre del av Borgata i Leirvik, noko han gjorde. Klingsheim selde huset sitt i Sandnes og dei flytta med borna Martin 1 år og Berly 3 år til Stord . Han kjøpte seinare forretningbygget der me driv VIC-butikk i dag, og flytta i 1957 forretningsdrifta Leirvik Manufaktur ned i dette bygget som låg lenger nede i Borggata , for det var her han hadde tru på ville verta den sentrale staden å driva butikk.

Klingsheim hadde stor ombygging på bygget her med store kostnader som vart utgiftsførte i åra som fylgde, så rekneskapet dei første åra viste ikkje dei beste resultat. Men etter eit par år vart rekneskapa meir hyggjeleg lesing, og min far låg i mange år blant dei 10 største skatteytarane på Stord. Som ein raritet kan ein ta med likninga for Stord kommune i 1965 som stod i Bladet Sunnhordland 10. august 1966. Stord kommune hadde det året 10,2 millionar i skatteinntekter. Den største skatteytaren dette året var Stord Verft med ein innbetalt skatt på kr.267.669,- og ein formue på kr. 482.100,-. Nr. 2 var Gustav Gravdal med ein skatt på Kr.55.644,- og ein formue på 101.900,- Nr. 3 var Kjøpmann Lars Klingsheim med ein skatt på 47.414,- og ein formue på Kr.92.500,- Nr.4 var Læge Ole Dramdal med ein skatt på kr.37.665,- og ein formue på Kr. 83.300,- Nr. 5 var Vestlandsbanken Stord med ein skatt på Kr.36.647,- og ein formue på Kr. 141.100,- . Stord Sparebank var ikkje med på 10 på topp lista. Det var ikkje heller nokre av de andre større bedrifter. Kanskje ein kan multiplisera desse tala med 20 etter dagens lønningar?

Berre bra at Stord24 ikkje var på nettet i åra etter vår flytting og ombygging. Då då kunne ein kanskje fått saker i nettavisa om at Leirvik Manufaktur var ein butikk som gjekk på underskot år etter år. I byrjinga på 80-talet fekk eg telefon frå Cubuskjeda (tidlegare eigd av fa. Jonas Øgland, no eigd av Warner-familien, Oslo ), om eg hadde lyst å etablera ein Cubusbutikk på Stord. Til det måtte ein ha eit butikklokale på minst 500 rutemeter, og det bør liggja på eit plan, noko me ikkje hadde. Etter besøk av ordførar Onar Onarheim på min fars kontor, kom eg i snakk med han om at eg hadde planar om å byggja eit større butikksenter med ein stor Cubusbutikk i, dersom kommunen hadde ledig tomteland . Noko han gav meg eit positivt svar på, og han inviterte meg samstundes til eit møte på kontoret hans i Rådhuset vedrørande etablering av kjøpesenter i Leirvik.

Eg fekk i etterkant med meg nokre vener og næringslivsfolk som eg visste også var interessert i kjøpesenter, som dukka opp mange stader rundt om i landet. Me kom saman og stifta selskapet Stord Senter. Dette var og eit selskap som i byrjinga gjekk med større underskot, slik som er vanleg i ein etableringsfase, men etter nokre år gav det overskot. Etter mange års drift selde me oss ut av selskapet Stord Senter med ein gevinst til kvar eigar som var større enn årsomsetningen til Stord24 i 2018 (811.000 kroner).

I 1987 fekk eg nytt tilbod frå Cubuskjeda om eg hadde lyst til å etablera ein Cubusbutikk på Os i det nye Flåten Senter, noko eg svara ja på, og me opna ny Cubusbutikk i 1988 .

Etter investeringar i millionklassen, og større avskrivingar dei neste åra i bla. innventar/utstyr og varelager viste regnskapet raude tal i fleire år, noko som vart prata om blant nokre «rekneskapstittarar» på Stord. Dei venta berre på ei opphørsannonse i avisa. Eg dreiv denne butikken i 23 år med meget gode resultat, og har også her hatt større overskot enn omsetningen til Stord24 .

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2011 vart eg hardt ramma av hjerneslag, med det resultat at eg verken kunne gå, snakka, og eg hadde samstundes store problem med synet. Kva skulle eg gjera no? Ikkje kunne eg reisa på innkjøpsmøter, snakka i telefon eller køyra bil. Cubuskjeda vart informert om dette, og eg fekk samstundes spørsmål om, dersom eg var interessert i å selja innredning/utstyr og varelager, så sa dei seg viljuge til å betale godt for dette. Noko eg på eit seinare tidspunkt svara ja på . Om dei ville driva Cubusbutikk vidare i Flåten Senter eller i ledige lokaler nede i Os Sentrum var opp til dei å bestemma . Dei valde Flåten Senter, som eg hadde leigekontrakt med, ein leigekontrakt som eg tidlegare i år overførde til Cubuskjeda etter ynskje frå dei. Eg fekk eit meget godt oppgjer for inventar/utstyr og varelager frå Cubus sentralt. Et oppgjer som eg til no har tatt ut utbytte av i 10 år, og som eg kan vidare kan ta ut utbytte som er fleire gonger større enn årsomsetningen i Stord24 .

Les også
Klingsheim har selt Cubus-butikken

I 2019 vart er ramma av ein uhelbredeleg sjukdom. Eg fekk i den anledning same spørsmålet frå Cubuskjeda om at hvis me ynskjer det, så sa dei seg viljuge til å kjøpa inventar/utstyr og varelager, og samstundes driva Cubusbutikken vidare på Stord. Det kunne vera flytting av butikken til Heiane som Cubusgruppa tidlegare hadde eigainteresse i, eller å driva vidare på Amfi Stord. Me takka høfleg nei til eit seriøst tilbod, og svara at me ville sjå nærare på tilbodet alt etter min helsetilstand.

I februar i år fekk eg melding frå Haugesund Sjukehus om større spredning av min sjukdom. Etter denne meldinga har eg måtta pendla gjerne fleire gonger i veka, mellom Haugesund Sjukehus , Haukeland og Stord Sjukehus, og sonen min Lars, har måtta ta over ein del av arbeidet mitt som eg har vedr. byggeprosjekt Leirvik Sjø, utleigevirksomhet av næringslokale, leiligheter og hyblar på Stord og stader utanom øya. Dette var heller ikkje forenlig med ein lang arbeidsdag for Lars i våre to butikker gjerne frå kl.8.30 til kl.20.30. Dette var og ein av grunnane til vårt salg . Lars er utdanna Diplomøkonom ved Handelshøgskulen B.I i Bergen, og han vil nok sjå seg om etter ein ny jobb med vanlig arbeidstid som passar bedre inn i sitt nye mønster. Cubuskjeda bestod på det meste ca. 60 franshisebutikker som var eigd av lokale kjøpmenn. Dei mange andre rundt om i landet i større byar og tettstader var eigeneigde av Cubuskjeda. I dag er det berre ca. 12 Cubus franshisebutikkar igjen. I vårt omliggjande distrikt har bla, Cubus Husnes , Cubus Bremnes, Cubus Knarrvik, Cubus Sotra, Cubus Jørpeland, Cubus Ålgård selt sin innredning/utstyr og varelager til Cubuskjeda . Dette fordi Cubuskjeda ikkje overtek eller kjøper sjølve firmaet som driv den lokale Cubusbutikk . Ifylgje franshiseavtalen vert denne fornya kvart 5. år, og det er då opp til kvar franshisedeltakar om dei vil velja å selja seg ut eller fortseja drifta .

Min sjukdom og eit godt tilbod frå Cubuskjeda, som begge partar er godt nøgde med, var orsaka til at me valde å selja alt inventar/utstyr og varelager til Cubuskjeda, og ikkje av den grunn Jonas Sætre og Stord24 gav uttrykk for. Det er ikkje mange klesbutikkar som får slike tilbod i desse koronatider. Cubus Amfi Stord investerte for nokre år sidan i ny toppmoderne innredning og utstyr til ein pris av ca. 5 million, med store utgiftsføringar og avskrivingar fylgjande år.

Over halvparten av dette beløp var eigenkapital. Når me no valde å selja oss ut av Cubuskjeda, kan det kanskje vera lurt å ta dei siste utgiftsføringar og avskrivingar på innredning/utstyr og varelager, noko som var medverknade til vårt underskot. Kanskje du Jonas Sætre, kan spørja din regnskapsførar om me har gjort det rette? Eg har stor tru på vårt firma snart får overskot og som lever i beste velgående. Me har flytta vårt firma Lei-Ma A/S med forretningskontor frå Amfi Stord og opp til vårt bygg i Borggata der me driv VIC butikk. I byggets 2.etg. vil me ei stund etter ferieslutt ominnreia til møtelokale som me vil bruka til presentera vårt store og atraktive byggeprosjekt Leirvik Sjø, eit prosjekt som i desse dagar er godkjend av Stord kommune og Fylkesmannen. Om me kjem til å realisera prosjektet sjølv eller vel å selja det til ein annan byggherre, er avhengig av min helsesituasjon. Uansett, prosjektet kjem. Eigendomane er ikkje selde til nokon, noko lokalavisa tidlegare gav utrykk for . Til deg Jonas Sætre og Stord24 kan eg opplysa om at me har stor nok eigenkapital til å fullføra prosjektet, eit byggeprosjekt til mellom 150-200 millionar.

Stord24 publiserte ei stund etter at koronabylja hadde starta at fleire butikkar på Stord skulle korona-stengja. Dei nemde at Match Heiane skulle stengja, likeledes Match og Boys of Europe på Amfi Stord. De nemde og i den samanheng og at vår VIC butikk skulle stengja.

Me er ein privatdrive VIC-butikk som sjølv bestemmer våre lukkingstider, sjølv om VIC-kjeda valde å stengja fleire av sine eigeneigde butikkar. Denne artikkelen om korona-stenging av vår butikk, førte til stor omsetningssvikt og me såg oss nøydde til å stengja.

Kanskje Stord24 kan verta gjort økonomisk ansvarleg for dette? Etter ei lita gransking i Stord24 sitt regnskap fann eg fort ut at her var det ingenting å henta, for eigenkapitalen var tapt. Rekneskapen viste eit underskot som etter omsetning var over 50 prosent større enn hos Cubus Amfi Stord. Men dette er gjerne ikkje noko godt fyrstesidestoff for Stord24. Så eit godt råd til deg Jonas Sætre og Stord24:

Ta kontakt med dei rette personane du skal skriva om i avisa di, og du får kanskje rett informasjon slik at du slepp å dikta opp ting som ikkje er sanne. Husk at lesarane er dine kundar, og kundar skal ein stella godt med. Eg vil til slutt trøsta deg med at eg ikkje kjem til å gjera Stord24 ansvarleg for mitt omsetningstap i hundretusenkronersklassen grunna feilinformasjon. I denne omgang. Kanskje eg vil gjera det dersom eg opplever fleire overtramp. Og hugs, Stord24, dersom ein gjev feil informasjon er det heilt umogleg å nå alle lesarar med rett informasjon. Det er som å tømma ei dundyne for fjær frå 10. etasje, og prøva å plukka opp alle. Lukke til vidare med nettavisa di Jonas Sætre.

Eg vil til slutt ynskja alle eit godt år vidare, og ynskjer at me alle tek vare på kvarandre i desse koronatider. Og hugs: Me er berre ein gjest på vår jord som ynskjer å vera gjest her lengst mogeleg, uansett år og alder.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svein Klingsheim

Dette lesarbrevet er av ein slik karakter at det løyser ut tilsvar frå Stord24. Slik svarar Jonas Sætre i Stord24 på kritikken (red):

Tilsvar på lesarbrev frå Svein Klingsheim

Svein Klingsheim har skrive eit lengre lesarbrev der han tek utgangspunkt i ei kort nyhendesak i Stord24, datert 16. juli, som omhandlar fjorårets rekneskap i selskapet Cubus Stord. Etter å ha lese innlegget hans fleire gonger, er det noko vanskeleg å sjå kva som er poenget til Klingsheim. Meiner han at artikkelen inneheld feilaktige opplysningar, eller er han misnøgd med at me omtalar fjorårets negative rekneskapstal? Klingsheim har iallfall ikkje peika på konkrete feil i nyhendeartikkelen, så då må ein nesten gå ut i frå at det gjeld det siste.

Stord24 er ei nettavis som har eit særleg fokus på å dekkja det rike næringslivet på Stord og i regionen vår. Me kjenner oss privilegerte som får høve til å skriva om alt det spennande som skjer i næringslivet, frå dei minste gründerbedriftene til dei store industrilokomotiva. Stord24 er sjølv ei gründerbedrift, så me veit kvar skoen trykkjer når me skriv om næringslivet. Ser ein på næringslivsstoffet vårt så er hovudvekta av sakene me skriv positivt vinkla om nye kontraktar og bedrifter som lukkast og som er i vekst. Men me har også eit samfunnsoppdrag. Det betyr at me også må omtale det som ikkje er like kjekt å skriva om, som konkursar og selskap om opplever tøffe tider og svikt i omsetnaden. Hadde me ikkje rapportert om denne sida av næringslivet, så hadde me ikkje gjort jobben vår.

Det er forståeleg at Klingsheim meiner det ikkje er så kjekt at svikten i omsetnaden for Cubus på Amfi Stord blir omtalt. Men det er faktisk relevant stoff for lesarane våre at ein av dei største og lengstlevande klesbutikkane i sentrum har mista rundt 40 prosent av omsetnaden dei siste ti åra. Det seier noko viktig om endringa i handelsmønsteret, både i Leirvik-Heiane-debatten, og det seier noko viktig om kva konsekvensar framveksten av netthandel har for lokale familieeigde butikkar. Det er ei viktig påminning om noko positivt me har sett i koronatidene, nemleg ei auka merksemd rundt det å bruka lokale butikkar.

Klingsheim trekkjer også fram ei nyhendesak Stord24 hadde på trykk 18. mars, som omtalte ei pressemelding frå Voice-konsernet om at dei ville stengja kjedebutikkane Match, Vic og Boys of Europe i samband med koronasituasjonen. VIC på Stord var ikkje spesifikt omtalt i denne saka, men dersom påstandane til Klingsheim om at artikkelen har ført til svikt i omsetnaden for VIC på Stord stemmer, så er det ikkje noko me synest er hyggjeleg. Me hadde likevel håpt at Klingsheim kunne gjort oss merksam på dette før no. Då hadde me sjølvsagt presisert at det ikkje var tilfelle at VIC på Stord måtte stengje.

For å oppsummera så set me pris på at Klingsheim har sterke meiningar om journalistikken vår. Men karakteristikker som "overtramp" og "dikta opp ting som ikkje er sanne", fell på sin eigen urimelegheit. Klingsheim har ikkje belegg for å hevda noko slikt basert på sakene han trekkjer fram. Stord24 er ei seriøs nyhendeavis, og dei som skulle meine at me har begått overtramp må ikkje nøla med å klage oss inn til pressens faglege utval (PFU). Det er greitt å notera seg at i dei snart 3,5 åra Stord24 har eksistert, har me blitt klaga inn til PFU éin gong, og då fann utvalet ingen grunn til kritikk.

Til slutt er det interessant å lesa det Klingsheim skriv om historia til handelsnæringa i Leirvik sentrum. Her ligg det sikkert fleire spennande saker som Stord24 kunne ha skrive om. Eg vil invitera deg, Svein, til ein forsonande lunsj i den flotte kantina vår i Kunnskapshuset. Du har heilt rett i at me må ta vare på kvarandre i desse koronatidene. Då er dialog noko av det viktigaste me kan driva med. Med ønskje om ein framleis fin sommar!

Jonas Sætre