Oppmoding: Bryggjemeister Øystein Huus i En liten øl (t.h.) kjem her med ei aldri så lita bøn til forbrukarane. Til venstre styreleiar Geir Solberg. Arkivfoto: Ingvild Eide

Redd mangfaldet - kjøp norsk

Sosiale medium blir no fylt av vitsar om coronaøl og koronavirus. Galgenhumor er bra, men for norske bryggjeri er situasjonen slett ingen spøk. Den er derimot allereie djupt alvorleg.

Dei siste åra har utviklinga i norsk bryggjeribransje vore som eit eventyr. Mangfaldet har nærast eksplodert. I dag vert det bryggja meir enn 2.500 unike norske øl, på 140 anlegg over heile landet.

Berre i Sunnhordland har vi tre småskalabryggjeri, med ELØ på Fitjar som det største.

No er det høg risiko for at dette mangfaldet raserer.

Les også
Ber folk om å støtta lokalt næringsliv

Vi støtter myndigheitene sine tiltak for å avgrensa koronautbrotet, og tar vår del av dugnaden. Samstundes vert bransjen no råka svært hardt økonomisk. Stenging av utelivet, avlysing av konsertar og festivalar og full stopp i reiselivet har gjort at norske bryggjeri over natta mista ein stor del av omsetninga. For mange av oss er dette verksemdskritisk. No er det avgjerande at politikarane held det dei lovar og bidrar med raske tiltak.

Du som forbrukar kan også bidra. Vi meiner ikkje at du skal drukne dine sorger i glaset. Men når du likevel skal handle øl: Vel norsk, støtt ditt lokale bryggjeri.

Kjøper du øl frå ditt lokale bryggjeri i staden for importert øl, eller vin for den del, så støttar du arbeidsplassar og verdiskaping i ditt eiget nabolag - samstundes som du nyt smaken av eit fantastisk mangfald. Finst det nokon meir hyggjeleg måte å bidra på?

Øystein Huus

Bryggerimeister

En Liten Øl AS (ELØ)