PÅ KONTORET: Lars Reinert Valvatne klar for jobb på heimekontoret. Foto: Privat

Refleksjoner kring heimekontor

Sidan midten av mars, har fleire av oss gjort jobben vår frå heimekontor. Og då blir det til at ein reflekterer litt. Det første som slår meg er at ordet heimekontor (eller hjemmekontor på bokmål) ikkje eksisterer i ordlistene til Norsk Språkråd. I desse tider er det ikkje anna å gjere enn å fyra avgårde ein mail til Språkrådet. Kjem snart attende til den saken. På Google derimot, finn ein store mengder informasjon om dette ordet. Eg klikkar meg inn på ei side som har fem tips til den som jobbar heimefra. Tipsa er heilt sikkert godt meint og basert på erfaring og kunnskap.

Eg får problem allerede ved første råd, der gode rutiner er overskrifta. Der står det mellom anna «kom deg ut av pysjen». Pysjen er eit kortord for pyjamas. Eller nattdrakt som me kalla det før. Eg kan ikkje hugsa sist eg sov i nattdrakt. Ei anbefaling er å kle seg slik ein normalt kler seg for ein dag på kontoret. Der sliter eg. Etter at koronakrisa slo inn, er samtlige møter i min jobb avvikla anten via Skype eller Teams. Og når eg slår på kamera i Teams, sluttar programet å virke. Eg håpar det er på grunn av programvaren, og ikkje ei form for sensur. Uansett har eg valgt ein heilt annan kleskode enn det eg normalt ville brukt. I følge ei undersøking publisert av ei stor riksavis, sit ein av tre nordmenn i treningsbukse på heimekontoret. Eg har ingen problem med å innrømma at eg er blant dei som har latt komfort trumfa velmeinte råd.

Råd nummer to handlar om å gå til innkjøp av ein god kontorstol. Den forstår eg. Min gamle kontorstol har ingen komfortable funksjoner. Det blir fort vondt å sitta på den, dessutan er arbeidspulten min altfor liten. Kombinasjonen er heilt sikkert ikkje optimal. Investeringsviljen følger børsutviklinga, og er for tida svært låg. Tilboda er det ikkje noko å sei på, det er tydelig at møbelbransjen har snudd seg etter vinden. Her må ein ta ei ny vurdering, eventuelt gå på råd nummer tre.

Råd 3 er å ta pauser og beveg deg. Eg forsøker å bevega meg i løpet av eit nettmøte, og det går fint, sidan headsettet er trådlaust. Diverre har eg ingen fjernstyring på Muting-knappen, og det kan skapa pinlige situasjoner. Og det er ikkje til å komma frå at kaffimaskinen på jobb tilbyr gratis kaffi i motsetning til den heime. Rådet om å kle på seg og gå ein tur er jo greit, men det er altfor enkelt å snubla borti ting i hagen som skal gjerast, og då vert pausen brått utvida. Det er alltid ein vedstabel som treng litt ettersyn, eller eit dyr som skal matast. Eller ein treffer ein nabo ein kan ta ein drøs med. På avstand. Poenget er at det kan lett bli mykje heft med ein slik tur.

Det fjerde rådet i artikkelen seier at du skal ha faste møter på nett. No merkar eg at den som har forfatta desse råda er i ferd med å skli litt tilbake til råd nummer ein, som handlar om å ha faste rutiner. Det same gjeld forsåvidt råd nummer 5: Du bør sosialisere deg med kollegene dine. Anbefalt metode er å ta kaffipausen saman med kolleger, via nettmøte. Då ryker jo råd nummer 3, som heilt klart anbefaler å ta pausane utandørs og vera i bevegelse.

Dei som jobbar på Språkrådet er sikkert i samme situasjon som alle andre, og må jobba frå heimekontor. Og det skal dei ha. Dei er effektive. Ein drøy time etter at mail vart sendt fekk eg svar på spørsmålet mitt. Jamvel på nynorsk.

«Ordet heimekontor (bokmål hjemmekontor) er rekna for å vere eit heilt vanleg, samansett ord. Begge samansetjingsledda har oppslag i ordboka, og tydinga til samansetjinga er ein sum av tydinga til kvart av ledda (heime + kontor = «kontor i heimen»). I norsk dannar vi slike samansetjingar heile tida, og det er ikkje mogleg å få ordbokført alle. Oppføring av alle regelrette avleiingar og samansetjingar er ikkje rekna for naudsynt i standardordbøker som Bokmåls- og Nynorskordboka.»

Min konklusjon blir egentlig å følga Språkrådet sin moral: Der er ikkje naudsynt å skriva ned reglar og rettleiingar for absolutt alt. Enkelte gonger skal ein lita på seg sjølv, gå for egne løysingar, og la det vera styrande for framtida.

Lars-Reinert Valvatne, Stord