Tingretten: – Ein reduksjon i talet på rettskretsar vil ikkje få konsekvensar for tilgjenge, men vil gje ein raskare, tryggare og meir fleksibel handsaming av folk sine saker, uavhengig av kvar ein bur, skriv Høgre-representantane Liv Kari Eskeland og Frida Melvær. Foto: Marius Knutsen

Regjeringa styrkjer rettstryggleiken i heile landet

Regjeringa sitt framlegg til endringar i domstolsstrukturen tek vare på brukarane sin trong for tilgjenge, uansett kvar ein bur i landet. Samstundes tek det på alvor dei utfordringane Domstolkommisjonen og Riksrevisjonens har påpeika.

Framlegget regjeringa har sendt på høyring inneber at alle noverande rettsstader vert oppretthalde og i praksis blir styrkja, medan rettskretsane vert slegne saman. Det er også framlegg til viktige regelverksendringar for å sikre aktivitet ved alle dei bemanna rettsstadene, faktisk og opplevd nærleik til domstolane for befolkninga, og at rettsstader ikkje kan leggjast ned utan politisk handsaming.

Les også
Regjeringa vil ha alle domstolane

Forslaget byggjer på den såkalla Sogn og Fjordane-modellen. Ein modell som vart etablert då Sogn tingrett og Fjordane tingrett slo seg saman 1. juli 2017. Rettsstadene til dei to tingrettane vart halde oppe, og tingretten har bemanna rettsstader i Førde og Sogndal, og ein umanna rettsstad på Nordfjordeid. Løysinga var ønska av begge tingrettane og andre relevante instansar, og eit samla politisk miljø støtta samanslåinga. Sogn og Fjordane tingrett har i fleire år hausta positive erfaringar med modellen. Dette er ein modell som vi meiner vil fungere svært godt også for Sunnhordland tingrett.

Det er viktige å halde oppe kompetansearbeidsplassar i distrikta, samtidig som ein legg til rette for sterkare fagmiljø. Tilbodet i distrikta vil bli styrkja ved at rettsstader som i dag har låg bemanning, får tilgang til meir kompetanse og større kapasitet i store og komplekse saker. Fleksibiliteten aukar og syt for likare og betre tenester i heile landet. Med fleksibilitet kan til dømes ein rettsstad med lang sakshandsamingstid kan sende saker over til ein rettsstad med ledig kapasitet innanfor rettskretsen. Saka vil likevel kome opp ved den rettsstaden den geografisk høyrer heime. Regjeringa sitt framlegg vil òg føre til betre høve enn i dag for å tilby rettsmekling og nytte og utvikle dommarar med moderat spesialisering. Dette er særleg viktig i saker som omhandlar barn, som utgjer ein stor del av dei sivile sakene til tingrettane.

Les også
Regjeringen vil legge ned to av tre tingretter

Ein desentralisert tingrettsstruktur er først og fremst viktig for brukarane, men også for å oppretthalde nærleik til andre sentrale kompetansemiljø som advokatkontor og ulike sakkunnige instansar. Ein reduksjon i talet på rettskretsar vil ikkje få konsekvensar for tilgjenge, men vil gje ein raskare, tryggare og meir fleksibel handsaming av folk sine saker, uavhengig av kvar ein bur.

Frida Melvær, justiskomiteen Stortinget

Liv Kari Eskeland, distriktsnettverket i Høgre, Stortinget