KRITISK: Det finst ingen gode argument for at ein skal kunne handla vin og brennevin mellom kl. 15.00 og 16.00 på ein laurdag, skriv Espen Berntsen i lesarbrevet. Arkivfoto: Magne Kydland

«Rekk du ikkje polet før klokka 15.00 på laurdag, får du halda deg edru til måndag»

For kort tid sidan vart Vinmonopolet sine opningstider på laurdagar endra i Stortinget. Det var opphavleg ope frå 08.30—15.00, men vart no endra til 10.00—16.00. Dette kan verke som ei innskrenking, men i verkelegheita er det ei utviding, sidan dei fleste polutsalg uansett ikkje opna før kl. 10.00 innan endringa trådde i kraft. Dette er ei lita, men likevel skummel endring, og noko veldig mange ikkje ynskjer, spesielt ikkje om ein ser det i samanheng med den stadige utvidinga av opningstider på tenester i samfunnet elles.

Les også
Opningstidene på Vinmonopolet blir utvida

Argumentet for utvidinga av opningstida er ifølgje regjeringa at det svarar til folk sine forventningar. Dette står fram som eit svakt argument for den type endring som me ser her. Me er mange som ikkje ynskjer liberalisering av tilgang på alkohol og den stadige tilnærminga til eit døgnope samfunn. Slik eg ser det, er det i hovudsak to argument mot denne endringa.

Punkt 1 er det helsemessige aspektet. Me veit at med økt tilgjenge av alkohol aukar alkoholinntaket, og då og konsekvensane dette medfølgjer for individet, deira nære relasjonar og samfunnet.

Les også
Nordmenn på heimeferie valfarta til polet

Punkt 2. er at ei slik endring er vanskeleg å reversera etter at den er innført. Alle desse utvidingane av opningstider, anten det er Vinmonopolet, butikkar eller barnehagar — er eitt skritt nærare eit 24-timars samfunn. Skiljet mellom arbeid og fritid blir stadig viska meir ut, og me vil få mindre tid der me i fellesskap har fri, og tid til å vere saman med kvarandre. Det finst ingen gode argument for at ein skal kunne handla vin og brennevin mellom kl. 1500 og 1600 på ein laurdag, anna enn at nokon meiner folk forventar det.

Vel, mi forventning er at dei tilsette hos Vinmonopolet — og andre i varehandelen — skal kunne ha mesteparten av kveldane, og helga fri, slik som ein har i mange andre yrke.

Les også
På tide å øke avgiftene

For å omformulera den tidlegare LO-leiaren Yngve Hågensen sitt sitat frå ei liknande sak: "Rekk du ikkje polet før kl. 1500 på laurdag, får du halde deg edru til måndag."

Espen Berntsen, 2. nestleiar Handel og Kontor Region Vest

KRITISK: Det finst ingen gode argument for at ein skal kunne handla vin og brennevin mellom kl. 1500 og 1600 på ein laurdag, skriv Espen Berntsen i lesarbrevet. Foto: Privat