KRITISK: Per Jan Ingebrigtsen meiner sakleg kritikk av koranen og islam har fått verre kår. Arkivfoto: Marius Knutsen

Religion og rasisme

Debatten blomstrar etter aksjonane mot Sian, og det er ein viktig debatt, som altfor ofte vert forkludra av uforskamma provokatørar ute på ytre høgre, og stundevis av indre venstre, som helst ser at debatten berre skal omhandla den eine delen, nemleg rasisme.

At Sian er ein ufyseleg organisasjon, der mange av medlemmene utrykkjer seg i sterke rasistiske ordelag, er det ikkje eit fnugg av tvil om. Leiaren deira er også dømt for dette. Men når unge steinkastarar går til aksjon; er det i kamp mot rasisme, eller er det i blindt raseri over det dei meiner er fornærming mot Koranen? Eller begge deler?

Rasisme skal ikkje i nokon samanheng tolererast, men kritikk mot Koranen må tolast, om han er sakleg eller usakleg. Steinkasting mot politiet, som i Noreg slett ikkje er ein rasistisk etat, er forkasteleg i alle samanhengar.

Sakleg kritikk av Koranen/Islam, har diverre fått forverra kår i Europa, og i fleire muslimske land fører ein slik kritikk til dødsstraff.

Les også
Slik svarar Reinert Svanberg (Frp) på kritikken frå Magne Misje

Eg reknar meg for å vera ein rimeleg god Koranen-kjennar, og veit at dette er ei skrift som forlangar å styra tilhengjarane sine ned til den minste detalj.

Boka inneheld vers om både nestekjærleik og omsorg for fattige, men er også ei lov- og orden-bok, som på den eine sida seier at mennesket har sin frie vilje, men som legg til at om du ikkje til punkt og prikke følgjer Allah sine råd og vink, så hamnar du i eit helvete så grusamt, at dei som har utforma det, må ha hatt ein malerisk fantasi.

Ved dommens dag deler Allah menneska opp i to grupper. Dei til høgre får komma inn i himmelen. For mannfolka ventar dei fagraste jomfruer - og når det ein annan stad i Koranen står;

«Di kvinne er din åker, pløy ho som du vil», så forstår ein at dei stakkars jomfruene som utgjer lokkematen, ikkje har mykje å stilla opp med.

Gruppa som står til venstre, vert kasta i helvete. Det er dei som har nytta seg av sin frie vilje, dei vantru. For desse ventar det ei grufull straff. Bøtter med kokande varmt vatn vert kasta over syndarane, samtidig som ormar et vedkommande opp innanfrå. Og det sluttar ikkje der. Stakkarane er som grisen i Valhall, Særimne, som vert eten opp kvar dag, men livnar til at neste dag, for slik å gjennomgå den same prosessen. Til evig tid …

Trur ein på slikt, er det ikkje rart at ein følgjer skrifta slavisk, og bokstav for bokstav.

Artikkelen held fram under annonsen.

No veit eg at det er mange muslimar her til lands som ikkje tolkar Koranen ord for ord, og likevel, det er altfor mange som gjer det.

Les også
Rasisme er livsfarlig, men kan bekjempes

Religiøse, tilslutta ulike religionar, kan føla seg fornærma, sjølv om akkurat det ikkje er tilsikta frå sendar.

Teaterstykket om mormonane, som for ikkje lenge sidan hadde stor suksess på Det Norske Teateret, vart truleg ikkje applaudert av mormonarar flest. Men forfattar, regissør og skodespelarar vart aldri utsette for truslar av noko slag.

Eg har sjølv vore regissør på «Jesus Christ Superstar», utan å få eit einaste vondord frå kristne miljø, sjølv om mange sikkert ikkje var samde med vår framstilling av Jesus, eller Maria Magdalena.

Mohammed er ein mangslungen mann, som fleire med meg nok kunne tenkt seg å skrive eit teaterstykke om, men det ville sannsynlegvis ført til at ein måtte utstyra seg med livakter for resten av livet.

Og her ligg den store forskjellen på korleis Islam i praksis krev å vera heilag og ukrenkjeleg, også for folk frå andre religionar, eller for dei som ikkje soknar til nokon religion.

Eg er redd for at ein del av dei steinkastande ungdommane kjem inn under denne kategorien, og at dei ser på sitt eige definerte religiøse rom, som ukrenkjeleg. Det er ikkje berre deira skuld. Det skortar på at politisk engasjerte folk går inn i problematikken og drøftar dette med dei, meir enn å bortforklara uakseptable handlingar.

Skulen tek stort sett ikkje debatten. Etter at det reine kristendomsfaget vart avskaffa, er religionsfaget vorten «ein grå liten gubbe», som knapt nokon legg merke til. Det som kunne vore eit gneistrande godt livssynsfag, som la opp til engasjerte diskusjonar, er omskapa til eit fag lærarane meir eller mindre tåstiltrar seg i gjennom.

Seriøse korankritikarar held ofte kjeft, fordi dei er redde for å hamna i sengehalmen med muslimhatarar.

Til dei vil eg seia: Det må kunna gå an å vera kritisk til ei religiøs rørsle, samtidig som du kan ha gode venner blant tilhengarane. Det går på å dyrka fram det romslege.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det må kunna gå an å vilja ta i mot folk frå utbrende og skamferde flyktningeleirar i eit langt større tal enn det regjeringa legg opp til, utan å adoptera det religiøse synet deira. Slik tenkjer i alle høve eg.

Det er viktig, slik eg ser det, at rørsla mot rasisme held seg religionsnøytral, og greier å skilja mellom kva som botnar i eit religiøst sinne og kva som botnar i reel kamp mot rasisme. Slike diskusjonar bør ein kunna ta på medlemsmøte, om slike vert arrangert.

Elles har eg aldri personleg vorten truga av muslimar. Men det er ikkje mange år sidan eg, i brevs form, vart truga på livet av ein muslimhatar og rasist på ytterste høgre flanke. Og det var ingen ungdom …

Per Jan Ingebrigtsen