DEBATT: – Å meina at ekstremistiske haldningar og handlingar er representative for ei heil gruppe menneske i ein bestemt religion eller politisk retning er beint fram fordomsfullt, skriv Alexander Papas. Foto: Papas

Religionskritikk – sunn i si rette form

Dei siste åra har eg sett ein aukande grad av både lesarinnlegg og meiningsytringar på sosiale medium i Noreg, der vaksne folk i ulike aldrar gjev uttrykk for det dei sjølve kallar religionskritikk, særleg retta mot islam og muslimar. Eg meiner mange av desse forsøka på islamkritikk ofte ikkje har rot i noka verkelegheit, og såleis er meir til skade enn til nytte for noko eller nokon som helst. Som ein ikkje-religiøs, liberal medborgar og kritisk tenkar, meiner eg klart at ytringsfridomen opnar opp for sunn religionskritikk. Det er samstundes lang veg frå demokratidrivande religionskritikk til demokratiskadande radikalisme.

Du har sikkert sett det sjølv òg. I eit kommentarfelt på Facebook eller i eit lesarinnlegg i ei eller anna avis. Folk som er i overkant skeptiske eller kritiske til islam, har visstnok lese seg opp og skal reflektera over, informera og til tider åtvara oss andre om og mot kva islam eigentleg handlar om, og ikkje minst kva som er norske og ikkje-norske muslimar sine eigentlege motiv. Det som går igjen i mange av desse ytringa har rot i ein kjend konspirasjonsteori som hevdar at føremålet med islam og innvandringa av fleire muslimar til Noreg og elles i Europa, er å villa ta styringa og innføra eit strengt religiøst regime her. Samstundes hevdar mange i ytringane sine at dei vestlege styresmaktene er ettergjevande og at folk flest er naive og uvitande om dei «skjulte motiva» til mellom anna norske muslimar.

Denne måten å framstilla ein religion på er farleg på fleire måtar. Han er farleg fordi han ikkje tek utgangspunkt i nokon realitet. Slike ytringar tek utgangspunkt i at ekstremisme, terrorhandlingar og islam er ulike sider av same sak, noko folk flest veit ikkje stemmer. Såleis bidreg slike meiningsytringar til å stigmatisera og mistenkjeleggjera ein vesentleg minoritet i landet vårt. Sjølv om desse ytringane og innlegga i media og sosiale medium heldigvis ikkje er grunnfeste i befolkninga som eitt, er dei vitne om at det finst radikale tankegods og tankesett som i sin tur har bidrege og framleis bidreg til å skapa negative haldningar og opprettheld fordommar mot norske muslimar.

All religion skal kunna kritiserast, og alle religionskritikk kan diskuterast. All religion inneber tolking av religiøse tekstar og hendingar, og nettopp fordi det er menneska som tolkar religionen så kan all religion bli radikal og vidare ekstremistisk. Å meina at ekstremistiske haldningar og handlingar er representative for ei heil gruppe menneske i ein bestemt religion eller politisk retning er beint fram fordomsfullt. Religionskritikk er viktig i eit demokrati, men då må han først og fremst vera basert på reelle høve og utan eit fordomsprega syn på andre menneske.

Alexander Papas (20), lærarstudent og medborgar