AVTALEBROT: – Underregulering av pensjonane slik at pensjonistgruppa misser stadig meir kjøpekraft, er ikkje i tråd med avtalen, skriv Kjellbjørg Lunde. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Rett og rimeleg med meir rettferdige pensjonsoppgjer

Ved dei siste lønsoppgjera har pensjonistar mista kjøpekraft samanlikna med ordinære lønstakarar. Det er ikkje rettferdig at generasjonane som har bygt landet vårt, skal tape når det gjeld inntektsutviklinga i samfunnet.

To interesseorganisasjonar har teke opp kampen for å få slutt på den uheldige inntektsutviklinga hos pensjonistane. Det er Pensjonistforbundet og Landsforbundet for offentlege pensjonistar (LOP).

LOP er interesseorganisasjonen for pensjonistar som har vore i arbeid i offentleg verksemd i skuleverket, inkludert høgskular og universitet, og i anna offentleg verksemd, i helse, politi m.fl., og ikkje minst i kommunar og fylkeskommunar. Mange er medlemer i begge organisasjonane, men |også i seniorgrupper i eigne fagforeiningar, i Utdanningsforbundet og LO- forbund m.a.

Historisk har offentleg tilsette akseptert lågare lønsnivå enn kva ein ville fått i privat verksemd med tilsvarande utdanning og kompetanse. Dette skulle kompenserast ved gode og føreseielege pensjonsvilkår, garantert og livslang pensjon etter avtale mellom partane. Underregulering av pensjonane slik at pensjonistgruppa misser stadig meir kjøpekraft, er ikkje i tråd med avtalen.

LOP støttar heving av minstepensjonen. Prinsippa som ligg til grunn for folketrygda og samordninga av pensjonar, tilseier at også dei som ikkje har vore i løna arbeid eller har vore i deltidsstillingar med ingen eller liten opptening, skal ha ei inntektssikring som skal regulerast.

Staten må syte for at denne gruppa pensjonistar får betre vilkår gjennom eigne løyvingar. Det blir feil at midlar skal takast frå ramma til den avtalefesta pensjonen. LOP arbeider for at offentlege pensjonistar, som gjennom eit langt yrkesliv har betalt inn for å vere sikra sin avtalefesta pensjon, skal ha utbetalt i samsvar med dette. LOP og Pensjonistforbundet har mange felles oppgåver for å gjere samfunnet vårt meir eldrevenleg.

Samstundes prioriterer LOP dei offentlege pensjonistane, og har mange ulike tilbod spesielt retta mot dei. Nettet (LOP) gjev oversyn over tenestene og tilboda, både nasjonalt og lokalt (LOP Bergen og omland).

Kjellbjørg Lunde