Rørande mobilisering
I løpet av nokre dagar i påska har privatpersonar og verksemder lokalt mobilisert i ei storstilt kronerulling til inntekt for kreftråka Silje Waage. Over 6.000 gjevarar har samla inn over 1,5 millionar kroner.
Sunnhordland har tidlegare skrive om tobarnsmora Silje Waage som er har ein aggressiv kreftform. Like før påske fekk ho melding om at cellegiftbehandlinga ho har fått på Haukeland universitetssjukehus ikkje har fungert. Dermed finst det ikkje behandlingstilbod i landet. Alternativet er å prøva behandling utanlands, noko ho må kosta av eigen lomme. Prislappen er på to millionar kroner.
Helsepolitikk handlar om svært vanskelege vurderingar. Samstundes er helsebehandling ei vare i ein internasjonal marknad. Så godt som kvar veke kjem det saker opp i media om folk som ikkje får behandling i Norge, men der det finst mogelegheiter utanlands om ein kan stilla med kapital. Me høyrer historier om folk som har blitt friske, men også andre som har brukt den siste tida på nyttelaus behandling.
Me har ingen problem med å skjønna at folk snur alle steinar når norske helsemynde seier stopp, og ønskjer Silje Waage og familien all lukke med behandlinga. Det er svært rørande å sjå korleis lokalsamfunnet mobiliserer for familien som står i ein kritisk situasjon.