«Uansett kva ein meiner, om ein er for eller mot, bør ein setja seg ordentleg inn i kva reforma faktisk føreslår», skriv Jacob Hystad. Arkivfoto: Vegard Agdestein

Rusreform – frå straff til hjelp

Tidlegare i februar la regjeringa fram sitt forslag til ny rusreform. Den bygger i stor grad på ei norsk offentleg utredning (NOU) som vart overrekka til Helse- og omsorgsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet i 2019, og tittelen «Fra straff til hjelp» skildrar noko av det heilskapelege fundamentet som ligg til grunn. Kva er hovudinnhaldet i Rusreformutvalet sin NOU og korleis kan reformforslaget sjåast i lys av eit vitskapeleg og evidensbasert perspektiv?

Dokumentet rusreformutvalet har utarbeida er på 416 sider. Det er mange sider som i hovudsak talar for ein stor helsepolitiskolitisk snuoperasjon i Norge. Det siktast mot eit skifte der me flyttar store delar av eit samfunn sitt, og individet sine, rusutfordringar frå justis- til helseapparatet. Utan at det på nokon som helst måte tydar at justisapparatet vil mista ei vesentleg rolle. Meir om akkurat det vil eg koma tilbake til.

Kort fatta: rusreforma utvalet la fram talar for avkriminalisering av bruk og innehav (av mindre mengder) av det lovverket tolkar som narkotiske stoffer. Det vil seia at ein ikkje lenger skal kunna straffast etter norsk lov for bruk eller innehav av mindre mengder narkotiske stoffar. Ei anmelding og ein dom for brot på legemiddellova eller mindre alvorlege narkotikalovbrot i straffelova vil i dag kunna medføra bøter eller fengselsstraff, som er straffreaksjonar etter norsk lov. Det er denne straffreaksjonen Rusreformutvalet vil til livs. Ja, i tillegg til FN, Verdas Helseorganisasjon, Høykommissær for Menneskerettigheter, Psykologforbundet, Advokatforeningen, Riksadvokaten, Fellesorganisasjonen og diverse brukarorganisasjonar, som alle desse støttar eit forslag om avkriminalisering. I staden for straff skal ulovleg rusbruk (for det skal framleis vera ulovleg) følgjast opp av helseapparatet. Vert ein teken for bruk av, eller innehav av mindre mengder, narkotiske stoff, vil reaksjonen vera at ein får eit pålegg om å møta til ei kommunal rådgjevingseining med kompetanse på rus. Skulle ein ikkje møta vil det kunna resultera i eit gebyr, såframt ikkje vedkomande sin økonomi eller livssituasjon tilseier at dette vil vera urimeleg belastande. Eit møte med rådgjevingseininga vil vera ein moglegheit for opplysing, trygging, og eventuelt vidare oppfølging for vedkomande som er hamna i ein slik situasjon. Dette gjeld både personar som kvalifiserer for ei rusliding, og personar som ikkje gjer det. Alternativet i dag er ofte ei anmelding, eit førelegg, og påfølgjande potensiell innskrenking av utdanningsmoglegheiter, jobbmoglegheiter, eller diverse samfunnsviktige verv.

Og så – det skal framleis vera politiet si oppgåve å avdekka ulovleg rusbruk eller brot på narkotikalovgivinga. For det er på ingen måte ei legalisering av ulovlege rusmidlar rusreformutvalet har argumentert for, men eit fråvær av straff for mindre alvorlege lovbrot. Det er ein vesentleg forskjell. Politiet skal framleis følgja opp brot på narkotikalovgivinga, både mindre og meir alvorlege forhold. Sjølv i det som kan tolkast som mindre alvorlege lovbrot, skal politiet framleis ha moglegheit til å stansa pågåande bruk, samt beslaglegga rusmidlar til trass for at dei er rekna for eige bruk. Og tolking av «til eige bruk» har generert diskusjon. Rusreformutvalet la fram eit forslag om grenseverdiar, altså kor mykje stoff skal ein kunna inneha for at det skal forståast som «til eige bruk», og ikkje som innehav til sal og vidare distribusjon. Desse grenseverdiane er i stor grad nedjustert i Regjeringa sitt forslag, og så vil det til slutt avgjerast i Stortinget kor grenseverdiane faktisk ender. At ein person skal kunna inneha fleire brukardosar av eit stoff er eit verkemiddel for å kunna hindra at rusbrukarar skal utsetta seg for å måtta frekventera den ulovlege rusmarknaden meir enn naudsynt. Med alt det kan innebera av fare og risiko for ein sjølv, samt oppretthalda aktiviteten av sal/distribusjon.

Kvifor avkriminalisera? Fleire studie slår fast at ulovleg rusbruk korkje har auka eller vorte redusert i land der narkotikalovgivinga er vorte strengare eller mildare. Heller ikkje ved avkriminalisering. Derimot finnast mykje evidens som visar til at straff for rusbruk vil gi ytterlegare belastning for individet, auka stigmatisering og utanforskap, at det rammar skeivt sett ut frå sosiodemografiske variablar, og at det aukar mistillit mellom rusbrukarar og offentlege etatar. Studie visar også at kriminaliseringa aukar terskelen for å oppsøka skadereduserande tiltak og hjelp, og at rusbrukarar utset seg for større risiko enn det som er naudsynt. Kunnskapsbasen bak det som talar for at straff for rusbruk er konstruktivt, er slåande liten. Forslaget til rusreforma bygger derimot på kunnskap, vitskap, og noko som er svært viktig: brukarrørsler. Det tykkjer eg og veldig mange fleire er på tide at bør trumfa synsing og moralisme som pregar dagens ruspolitikk. Uansett kva ein meiner, om ein er for eller mot, bør ein setja seg ordentleg inn i kva reforma faktisk føreslår. Det er inga skam å endra oppfatning eller snu i politiske meiningar og ståstader, noko helseministeren sjølv innrømmer å ha gjort.

Jacob Hystad