Rusreforma – difor er eg skuffa

Den siste tida har det vore mykje snakk og skriveri om rusreforma. Særleg før og etter Arbeidarpartiet sitt landsmøte, har det vore mange nøgde og fleire skuffa. Politikarar, forskarar og andre medborgarar har engasjert i ein svært viktig debatt. Ein debatt som først og fremst handlar om nokre av dei svakaste gruppene i samfunnet, og ikkje minst korleis samfunnet skal møta desse menneska.

Eg høyrer til dei som er skuffa. Skuffa over at eit fleirtal på Arbeidarpartiet sitt landsmøte røysta imot rusreforma til den borgarlege regjeringa, som i sin tur vil føra til at det ikkje blir noka rusreform i denne omgang. Arbeidet med denne reforma har gått føre seg over lang tid. Det har vore ein viktig prosess der fagfolk og ekspertar har fått høve til å uttala seg om og påverka framtidas ruspolitikk. Regjeringa gjorde så nokre endringar og sende reforma vidare til Stortinget for behandling. Av respekt for dette arbeidet, desse fagfolka, men mest for menneske som har eit rusproblem, trudde eg og mange at denne reforma endeleg skulle bli vedteken av Stortinget. Det blir ho ikkje, og det er diverre og hovudsakleg Arbeidarpartiet sin feil.

SKUFFA: -Eit parti som både for meg og mange andre unge er kjende for å vera solidariske og framtidstenkjande, viser seg no frå ei mindre sosialdemokratisk side, skriv Alexander Papas Foto: privat

Det er trist å seia det, men det er Arbeidarpartiet sin feil at rusreforma ikkje blir vedteken. Eit parti som både for meg og mange andre unge er kjende for å vera solidariske og framtidstenkjande, viser seg no frå ei mindre sosialdemokratisk side. Fleire i Arbeidarpartiet snakkar om at partiet vil arbeida for ei ny og betre reform etter valet. Samstundes seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre, med eit fleirtal bak seg, at han er imot ei generell avkriminalisering av narkotika. Vidare seier han at Arbeidarpartiet vil hjelpa tyngre rusavhengige, men framleis straffa andre brukarar. Desse utsegna står fram som ulogiske av to grunnar:

1. Avkriminalisering er noko av det viktigaste i rusreforma. Same kor mykje Arbeidarpartiet vil forhandla med Regjeringa om dagens reform eller laga ei ny reform etter valet (med t.d. Senterpartiet), så er det eit ufråvikeleg faktum at avkriminalisering står svært sentralt i gjennomføringa av ei eventuell reform. Inga avkriminalisering - inga rusreform.

2. Å differensiera ein reaksjon etter kor vidt brukaren er tungt rusavhengig eller ikkje, blir i praksis ei avkriminalisering berre for dei tyngste rusmisbrukarane. Det er umogeleg å forsvara og gjennomføra juridisk. At alle er like for lova tyder faktisk at alle er like for lova. Ein kan ikkje gjera forskjell i straffereaksjon basert på eit kriterium om avhengigheit. Det er beint fram ulovleg – og både grunnlovsstridig og menneskerettsstridig. Korleis skal ein vurdera om ein brukar er tungt avhengig, og dermed verdig nok til å få helsehjelp og ikkje straff? Kven skal gjera den vurderinga? Politiet? Det heng rett og slett ikkje på greip. Rusreform må vera ei reform for alle brukarane.

Rusreforma har skapa eit engasjement hos mange – også fleire av mine vennar og kjenningar. Mange av dei er folk som vanlegvis ikkje «bryr» seg om politikk, men som likevel har gjort seg opp ulike meiningar om rusreforma. Det er sjølvsagt ikkje slik at ein kan vera einig med eit parti i alle saker, men nokre saker har avgjerande tyding for om ein til dømes vil velja å røysta på eit parti eller ikkje. For meg er rusreforma ei slik sak. For meg så er Arbeidarpartiet sitt nei til Regjeringa si rusreform, eit klart nei frå meg til Arbeidarpartiet.

Alexander Papas (20), lærarstudent og medborgar