Klare for premiere: Russerevyen vil vonleg gå av stabelen etter planen, med premiere torsdag kveld, Biletet er frå fjorårets russerevy. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Russen tek korona-viruset på alvor

Stord-russen som arrangerer denne revyen tar Covid-19 svært alvorleg.

Me vil sjølvsagt gjere det vi kan for å hindre unødig smitte eller fare for liv og helse.

Revyen følgjer Folkehelseinstituttet (FHI) sine tilrådingar når det kjem til smittevern. I tillegg har me i samarbeid med Kulturhuset låst nokre rader i salen for billettsal. Dette vil forhindre at publikum sitt tett. Det vil stå antibac ved inngangane til salen under alle framsyningane

Me har dialog med kommunelege og rektor, og har løyve til å halde arrangementet.

Les også
Russen er klare for historisk revy-maraton

Under øvingar og liknande har vi sjølvsagt også følgt råda frå FHI nøye.

Det er trist at dette viruset påverkar billettsalet. Overskotet av inntektene våre skal donerast til Kreftforeningen. I år har bøssebæring for Krafttak mot kreft blitt heildigitalisert for å minske smittefare. Russen sine tiltak for å samle inn til aksjonen, står for 80 % av inntektene til Krafttak mot kreft. Difor håper me alle som ikkje er i risikogruppe og har lyst å få med seg showet til «Tidenes russ» kjem!

Madeleine Pedersen,

PR-sjef og revysjef

Beate Torkelsen,

revysjef, russestyret