TRUMP OG GUD: Helge Hammersland deler refleksjonar om «Trumpismen» i lesarbrevet. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Så veit vi det

Så veit vi det. Gud er ikkje til å stola på. Han lovar og lyg og er såleis ikkje så ulik oss menneske. Viss du no trur at eg hadde tenkt å seia at: -men så er han jo også skapt i vårt bilete, så har du heilt rett. Men det er ikkje tema her.

Kva er det no han har lova? Jau, ifølgje dei som meiner dei kjenner han, hadde han beint ut sagt at Donald Trump skulle bli attvald som president. Den lovnaden veit vi alle at han ikkje har halde. Her vil nokon truleg hevda at dei som meiner at Gud på noko tidspunkt har gjeve den lovnaden, må ha misforstått. Men dei om det. Det er truleg slik at han a) aldri gav lovnaden, b) ikkje var i stand til å halda det han hadde lova eller c) gav lovnaden, men hadde ikkje tenkt å halda han. Her skulle vi trudd at det hadde gått eit lys opp for i alle fall ein del av dei mest trufaste, men nei. Dei står hardnakka på sitt. Gud har både gjeve lovnaden, og han har halde han. Trump er den rettmessige vinnar av valet; det er berre alle andre, med Satan sjølv i spissen, som ikkje vil tru det.

Men du som trudde eg berre ville harselera og gjera narr, må tru om att. Saka er nemleg altfor alvorleg til det. I USA er det som vi veit mange som støttar Trump. Og dei har ulike, og sikkert ein del velmeinte grunnar til det. I Noreg er saka annleis. Støttespelarane er i hovudsak å finna i konservative kristne miljø og politisk i partiet «De kristne». I tillegg til abortspørsmålet er det støtta til Israel som er den viktigaste grunnen. Viss ein ikkje visste betre, kunne ein kanskje tru at dei støttar Israel og jødane på grunn av deira ulykksalige skjebne før og under 2. verdskrigen. Men ser vi bort frå dei som fornektar Holocaust, er det vel få i Noreg som ikkje har sympati med jødane og deira skjebne. Det er ikkje her skilnaden går. Han går mellom dei som ser på staten Israel som ein sentral politisk aktør i eit brennbart område i Midtausten og dei som meiner at Jødane er utpeikt av Gud som ein medspelar eller pådrivar for den siste store striden, Harmageddon. Dei som støttar Israel vil bli velsigna av Gud og motstandarane skal det gå tilsvarande ille med. Og sidan Trump har vist stor interesse og velvilje overfor Israel, er også han utpeikt av Gud. Når vi ser at «Trumpismen» er i ferd med å få fotfeste langt utanfor USA sine grenser, kan vi lett slå fast at dette ikkje er morosamt lenger. For dei som lurer på kva eg snakkar om, vil eg tilrå NRK-dokumentaren «Til Dommedag».

Helge Hammersland