DEBATT: «Eg trur Bjelland og Stord Høgre må lesa seg opp på kva som ligg i omgrepet hersketeknikk», skriv Magne Misje. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Sakleg debatt, Bjelland!

Magne Bjelland skriv i Sunnhordland 31. mars at Kjellbjørg Lunde grip til hersketeknikkar og personkarakteristikkar i innlegget sitt 27. mars. Det er ein svært spesiell måte å lesa Lunde sitt innlegg på og ein underleg måte å bruka omgrepet hersketeknikk på. Er det noko som kjenneteiknar Lunde sine innlegg, så er det kunnskap om politiske prosessar og sakleg argumentasjon.

Les også
Lat oss ha ein sakleg debatt

Eg trur Bjelland og Stord Høgre må lesa seg opp på kva som ligg i omgrepet hersketeknikk. Då vil han m.a. læra at å skulda nokon for bruk av hersketeknikk er ein hersketeknikk i seg sjølv. At Lunde nemner ordførar, Liv-Kari Eskeland og brørne Halleraker som pådrivarar for Hordfast over Bjørnafjorden kan då umogeleg kallast for personkarakteristikkar eller hersketeknikk.

Det har vore mange karakteristikkar frå Hordfast over Bjørnafjorden tilhengjarar av dei som framleis ynskjer ferjesamband eller ein annan trasé for fastlandssamband mot nord. Det er mykje å velja mellom, men her nokre døme: Dei skremmer og driv med kynisk spel. Dei har særinteresser, er mot vegar i det heile, er mot samfunnsutvikling. Motstand mot Hordfast o/Bj.fj er øydeleggjande for framtida til Vestland og næringsutvikling på Vestlandet. Dei manglar kunnskap, og meiningane er lite bygde på fakta. Dei er styrte av rabulistar og drøymarar og vil riva bruer og vil tilbake i robåten.

Les også
Sakleg debatt og hersketeknikk

Alt dette vil Bjelland finna i lesarbrevspaltene i Sunnhordland. Ikkje har eg sett at Bjelland og Stord Høgre i slike høve har løfta sin moralske peikefinger og kravd sakleg debatt.

Magne Misje