DEBATTKLIMA: «Derimot ville det vere heilt på sin plass at ho etter slike ufine skuldingar fekk ei orsaking», skriv Jan Rabben. Her er han fotografert med ein rakkelhane. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Sakleg debatt og hersketeknikk

Eg måtte gni meg i auga då eg i Sunnhordland 01.04.21 las Høgre-leiar Magne Bjelland sitt innlegg, «Lat oss ha ein sakleg debatt», eit tilsvar til Kjellbjørg Lunde sitt innlegg om Hordfast 26.03.21. Hersketeknikkar? Personkarakteristikkar? Eit debattnivå som Bjelland og Høgre ikkje vil ned på? Eg måtte lese Lunde sitt innlegg på nytt og var minst like spørjande etterpå. Innlegget er reint opplysande og argumenterande, dønn sakleg, og eg finn ikkje spor av hersketeknikkar. Personkarakteristikkar er heilt fråverande. Der personar er nemnde, skriv ho berre at ho tvilar på at dei har folket med seg i synet på Hordfast.

Les også
Lat oss ha ein sakleg debatt

Her måtte gammalt pensumstoff i logikk frå førebuande prøver til universitetet gravast fram, nærare bestemt «Arne Næss' seks normer for saklig meiningsutveksling» – som er lette å finne på nettet. Eg kan ikkje sjå at Lunde på noko punkt bryt desse normene. Ikkje akkurat overraskande frå ein så røynd debattant som Lunde.

Så var det hersketeknikkane. Dei er også lett tilgjengelege, t.d. på Wikipedia. Lunde er ikkje i nærleiken av å nytte seg av nokon av dei, noko eg også har fått stadfesta av fagfolk innan retorikk. Svaret på førespurnaden min var m.a. at det ikkje trengst fagfolk for å slå fast dette.

Eg fekk også stadfesta at det kan vere ein hersketeknikk å påstå at andre bruker hersketeknikkar, men her slepp Bjelland unna sidan eit par andre kriterium ikkje er oppfylte. Derimot er setninga «Høgre ønskjer ikkje å debattere på eit slikt nivå.» heilt klart eit uttrykk for hersketeknikk. Her oppkastar Bjelland seg til ein debattant med meir høgverdig standard for debatten enn den Lunde har, og det er akkurat ei slik nedlatande haldning som krevst for at noko skal kunne kallast hersketeknikk. Særleg provoserande blir det når Lunde openbert ikkje har debattert på eit lågare nivå.

Lunde kunne sikkert gitt Bjelland/Høgre mange gode tips om debatteknikk, men dei kjem neppe til å søkje råd hos henne. Derimot ville det vere heilt på sin plass at ho etter slike ufine skuldingar fekk ei orsaking.

Jan Rabben