FYLKESVEG: – Det er utvilsamt eit stort etterslep på fylkesvegane i Sunnhordland og mange andre stader i Vestland, som det vil ta tid og krevja store summar å gjera noko med, skriv lesarbrevskribentane. Biletet frå fylkesvegen mellom Stord og Fitjar er brukt som illustrasjon. Foto: Steinar Hystad

Saman for betre trafikktryggleik

Vestland har over tid vorte eit meir trafikksikkert fylke – heldigvis. Bilane har meir avansert teknologi, vegane har vorte sikrare og trafikantane klokare. I så måte har me mykje å takka mange for, mellom anna Statens vegvesen og kommunane som samarbeidspartnarar. Trafikantane sjølve har òg mykje av æra, sidan fartsnivået har gått ned og fleire bruker sikringsutstyr. Her skal synleg politi og dedikerte trafikklærarar også nemnast som viktige bidragsytarar. Men: Det er framleis ein stor jobb som må gjerast i Sunnhordland og i resten av fylket. I arbeidet vidare er det ingen som vil få til noko åleine, berre i fellesskap kan me oppnå vidare nedgang i talet drepne og hardt skadde i trafikken.

Systematisk arbeid over tid og gradvis betre trafikantåtferd har ført til ein reduksjon i talet alvorlege trafikkulukker. I Noreg under eitt har det vore ein nedgang frå 1606 drepne og hardt skadde i år 2000 til 720 i 2020. 2020 vart òg fyrste året sidan 1947 med færre enn hundre trafikkdrepne i Noreg, med 93 i talet. I Vestland var talet 7 omkomne, som er fyrste gong med færre enn 10 drepne sidan i alle fall 1960. Framleis er det likevel altfor mange som får livet sitt øydelagd i trafikken, og ei kvar alvorleg ulukke utgjer ei for mykje.

Det er utvilsamt eit stort etterslep på fylkesvegane i Sunnhordland og mange andre stader i Vestland, som det vil ta tid og krevja store summar å gjera noko med. Likevel er det mykje me kan gjera som ikkje er knytt til infrastruktur eller nødvendigvis kostar store summar, men som likevel er viktig. Her kan m.a. nemnast dei mange flotte aktivitetane som vert gjort i store og små kommunar i fylket. Kvart år vert det gjennomført mykje frivillig innsats frå lag og foreiningar. Kvart år er det òg mange foreldregrupper, oppvekstinstitusjonar og andre som går saman og gjennomfører ulike trafikk-, sykkel- og refleksdagar for born både i barnehagar, skuletida eller på fritida.

Dette breie engasjementet er heilt nødvendig om me skal halda fram med å påverka åtferd og haldningar over tid, som igjen er viktig for å redusera talet drepne og hardt skadde i trafikken. Difor har Vestland fylkeskommune òg tilskotsordningar som det er råd å søkja på for både kommunar, foreiningar, lag, foreldreutval og andre. Midlane kan brukast til gjennomføring av ulike lokale trafikksikringsaktivitetar, aksjonar, arrangement og kampanjar. Neste frist er 1. desember i år, og me vonar mange i Sunnhordland vil søkja for å bidra til eit endå meir trafikksikkert Vestland. Ingen kan gjera alt, men mange kan gjera litt. Slik reddar me liv saman.

Jannicke Bergesen Clarke

Leiar Trafikktryggingsutvalet i Vestland fylkeskommune

Knut Olav Røssland Nestås

Regionleiar Trygg Trafikk Vestland