TRAFIKK: «I trafikken er det marginane som tel. Vegen frå total lukke til ulukke kan vera svært kort», skriv Per Ove Sercan Husevik. Arkivfoto: Olav Røli

Saman skal me snu trenden

Ulukkestala skyt i veret. I juni har 14 menneske er blitt drepne i trafikken. No er tida inne for at me alle må ta ansvar, for denne trenden må me snu.

Eg er trafikklærar. Kvar dag tar eg pulsen på morgondagens trafikantar, og forsøkjer å gi dei det aller beste grunnlaget for å ta trafikksikre val, også når eg ikkje lengre sit ved sida av med dobbelt pedalsett.

I Noreg har me verdas beste trafikkopplæring. Lenge har me også hatt dei lågaste dødstala i trafikken i verda. Me trur det er ein direkte samanheng.

Men me er mange som er uroa no. Ulukkestala minner om ei tid me ikkje vil tilbake til, då me mista fleire hundre liv i trafikken kvart år.

I trafikken er det marginane som tel. Vegen frå total lukke til ulukke kan vera svært kort. Eit augneblink utan merksemd. Eit «skal berre». I trafikken legg me livet i kvarandre sine hender. Er du tilliten verdig?

I sommar er det kanskje meg du møter rundt neste sving. Eg lovar deg, eg har bilbelte på, eg har tilpassa farten og eg har merksemda retta mot trafikken – ja, mot deg som kjem rett mot meg. Du passerer, køyrer vidare. Kven møter du rundt neste sving?

Artikkelen held fram under annonsen.

No må me passa på kvarandre. Nullvisjonen, visjonen om null drepne og hardt skadde i trafikken, er avhengig av dine og mine val. Dette kan me snu!

Per Ove Sercan Husevik, dagleg leiar Sunnhordland Trafikkopplæring AS, styreleiar Noregs Trafikkskuleforbund