TRENG NY LEIAR: Geir Rommetveit gjer austlending av seg, og dermed er jobben som leiar i Ungdomslaget Stordabuen sitt forsamlingshus ledig. Foto: Henrik Mundal Andreassen

«Samhald» blir lettare etter korona

Ungdomslaget Stordabuen sitt forsamlingshus på Rommetveit (Nordbygdo) står altfor mykje tomt i desse tider. Men me som no er med i styret har ikkje lege heilt på latsida. Med enormt god hjelp av ivrige dugnadsarbeidarar har me fått fiksa opp kjellarlokala med tanke på å få i gang fritidstilbod til born og unge i området, noko det er stort ønskje om. Til denne opprustinga av kjellaren, med mellom anna nytt lys- og lydutstyr, har me fått god økonomisk stønad frå Kvinnheradstiftinga. Så snart det blir lovleg å samla born og unge frå fleire klassar og det som no er kohortar, vil me starta opp tilbodet.

Me har også fått kjøpt inn mykje musikkutstyr; gitarar, trommesett, miksepult og høgtalarar. Alt dette ventar no berre på å bli teke i bruk av unge, ivrige. Me har noko samarbeid med høgskulen, og der er studentar som er klare til å hjelpa til.

Leigeinntektene siste året har naturleg nok blitt mykje mindre enn vanleg. Planlagde bryllup og andre typar festar har blitt avlyste, medan våre faste utgifter er like faste og høge som før. Berginga så langt har vore at me har søkt og fått økonomisk stønad frå Lotteri- og stiftingstilsynet, såkalla «koronapengar».

Styret i ungdomslaget kjenner at me har svært mange med oss i ønskjet om at bruken av Samhald, både første etasjen og kjellaren, skal ta seg opp igjen. Det har vore lite utskiftingar i styret dei siste åra, men no blir det plass for fleire og nye. Du skal ikkje vera redd for å bli med, for det er ikkje så mykje å gjera for kvar einskild. Men samhald gir styrke.

Sjølv gir eg meg som leiar fordi eg har flytta frå øya. Årsmøtet blir i Samhald onsdag 10. mars. Me har lov å vera 100 personar der med tilviste plassar. Då kan du bli med og påverka framtida til Samhald, ja til og med bli leiar om du kan tenkja deg det. Sjølv har eg berre hatt glede av å vera med i styret … og alt skal bli bra!

Geir Rommetveit