SAMARBEID: – Å inkludera personar som står utanfor arbeidslivet kan sjåast på som ein investering, skriv Håvard Lægreid, leiar for Nav region Sunnhordland. Foto: Nav

Samspel mellom Nav og næringslivet

Overgangen til eit nytt år er ein god anledning til å reflektere kring tida me har lagt bak oss, og å sjå med nye auge inn i tida som kjem. Det er no snart to år sidan landet stengde ned som ein reaksjon på pandemien som trefte oss. Dette har hatt store konsekvensar for både verksemder og enkeltpersonar – noko me òg har merka i Sunnhordland. Likevel er arbeidsløysa låg ved starten av det nye året, og prognosar viser at den truleg vil halde seg låg gjennom heile året. No vonar me å kunne spele på lag med fleire arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar, for å sikre at dei som står utanfor og ønskjer å kome seg inn i arbeidslivet, får ein god moglegheit til dette.

Når 2021 lukkar seg har regionen gått frå å ha rekordstor ledigheit då landet stengde ned, til å ha svært lav ledigheit og stor etterspurnad etter arbeidskraft. Omstillinga har skjedd i eit tempo me sjeldan før har sett, og dette har krevd mykje, både i form av omstilling til ein ny arbeidskvardag og nye måtar å samarbeide og samhandle på. Dette vil eg sei at verksemder og arbeidstakarar i regionen har meistra på ein god måte, noko talet på arbeidsledige på 1,6 % er eit synleg bevis på.

Sjølv om me har ei historisk låg arbeidsløyse i regionen vår ved utgangen av 2021, vil det kommande året også by på utfordringar. Ein av desse er tilgang på tilstrekkeleg fagkompetanse. Sunnhordland har eit næringslivet med stor spisskompetanse, og er leiande på fleire område. For å behalde denne posisjonen vil det krevjast framleis stor fagkompetanse i åra som kjem, samt tilførsel av ny fagkompetanse. I Nav registrerer me at den kompetansen som vert etterlyst ikkje alltid samsvarar med den kompetansen me finn hjå dei ledige, noko også næringslivet stadfestar til oss. Dette kan omtalast som eit kompetansegap.

Blant dei som er ledige no, har fleire vore ledige over ein lengre periode, og treng eit samspel mellom Nav og næringslivet for å få mogelegheita til å komme i arbeid. For å dekke kompetansegapet skal Nav bruke verkemiddel som gjer enkeltpersonar med ønske om å arbeide innan eit kompetansekrevjande fagområde, kvalifiserte til dette. Samstundes er det viktig at verksemdene legg til rette for at denne kompetansen vert omgjort til erfaring, kunnskap og ferdigheiter.

I Nav har me mål om å vera ein viktig samarbeidspartnar for og støttespelar til verksemdene, som bidrar med råd og rettleiing og tilfører arbeidskraft til dei verksemdene som har behov for det. Ikkje minst skal me utgjere ein forskjell for den som står utanfor arbeidslivet, og av ulike grunnar ikkje kjem inn. For å nå desse måla er me avhengig av eit godt samspel med næringslivet og arbeidsgjevarane i regionen vår. Når ein arbeidsgjevar inkluderer ein kandidat frå Nav, har me mange ulike tiltak og verkemiddel å tilby, som bidreg til å redusere arbeidsgjevar sin økonomiske risiko. Likevel er eit av dei viktigaste verkemidla, som me ikkje kan understreke nok, den oppfølginga verksemda får i slik ei tid, av flinke og kompetente medarbeidarar i Nav-kontora i Sunnhordland.

Å inkludere personar som står utanfor arbeidslivet kan sjåast på som ein investering. Denne typen investeringar kan vere kostbare og krevje tid, men dette er ikkje samanliknbart med gevinsten det kan ha ved å lukkast – både for verksemda, den enkelte og for samfunnet. I Nav skal me bidra med vår kunnskap og våre verkemiddel til dei bedriftene som ønskjer å inkludere. Dette vil òg bidra til å dekke regionen sitt langsiktige behov for kompetanse og arbeidskraft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me har fleire gode eksempel på at slike investeringar og samspel med næringslivet gir resultat i Sunnhordland, og me vonar å oppnå same resultat med fleire andre prosjekt i 2022. I Nav ser me heile tida etter forbetringar som vil gjere at me leverer enda betre tenester til dei som har behov for desse, gjerne saman med næringslivet, andre offentlege aktørar og dei som har behov for tenestene våre. Dette vil me fortsette med i 2022.

Sjølv har eg gått gjennom ein travel, lærerik og spennande haust i ny rolle i Nav i regionen. Det er og veldig godt å endeleg ha familien på plass på Stord etter å ha vekependla i fleire månader. I 2022 ser eg fram til å styrke samarbeidet med næringslivet ytterlegare og å bidra til at fleire får tileigna seg den kompetansen som næringslivet etterspør. Vidare har eg mål om å legga forholda best mogeleg til rette for dei tilsette i Nav, slik at dei kan sikre at den enkelte får mogelegheiter ut ifrå sine behov.

Saman får me fleire i arbeid.

Håvard Lægreid

Regionleiar Nav Sunnhordland