Per Jan Ingebrigtsen. Foto: Anita Haugland

Samvitet er ikkje til å forakta, herr statsråd

Har me gjort noko gale eller sagt noko dumt, så slår samvitet inn hos dei fleste av oss. Heldigvis. Det er eit hint om at me er friske på sinnet, og ikkje treng nokon diagnose.

Helseminister Høie har i sommar vore oppteken av, og gitt uttrykk for at ingen må få dårleg samvit eller føla skam om dei bryt nokre av reglane for smittevern, som til dømes det å halda avstand – eller å reisa nokre gonger for mykje på handel over svenskegrensa. Det same dårlege samvitet må dei for all del ikkje få, dei som legg ferien til «Syden». Om nokon skal føla skam, så er det dei som sa i frå om at dette ikkje var greitt.

No er ikkje eg nokon tilhengar av at folk skal hengast ut på nettet med namns nemning, tvert om – men at folk i generelle vendingar får høyra at slike reiser er eit uttrykk for manglande solidaritetskjensle med resten av samfunnet, bør vera heilt innanfor det akseptable.

Realitetane er ikkje alltid politisk korrekte, herr statsråd, det har me opp gjennom åra fått erfara, nokon og ein kvar. Og realitetane syner at dei som har teke risikoen ved å reisa utanlands, er dei som i vesentleg grad har ført ny smitte med seg inn i landet. Om det gir dårleg samvit, er det ein positiv reaksjon, slik eg ser det, ein reaksjon som kan hindra ein i å gjera oppatt den same feilen. Då er det verre med dei, som på eigne vegne, reagerer med å verta fornerma eller forarga. Dei har knapt nok lært noko som helst.

Eg tykte at styresmaktene gjorde ein framifrå jobb for å stoppa smittespreiing fram til sommarferien, men regjeringa, med helseministeren i spissen, bør ta sjølvkritikk på måten dei, i den seinare tida, har omtala brot på smittereglane. Det kan vera ein av grunnane til at ein del unge menneske ser ut til å ha kasta reglane for smittevern på havet.

NRK hadde i si distriktsending, måndag 10. august, ein god reportasje frå Nygårdsparken, der meir enn tusen studentar var samla, og mange sat tett i tett. Den kommunale lækjaren for smittevern i Bergen, var også til stades, og fleire unnvikande svar enn det han gav til reporteren, skal ein leita lenge etter. Det var forklaringar og bortforklaringar stabla oppå kvarandre.

Studentane trengte å komma saman for deira eiga psykiske helse, og det var lite å gjera med at dei var så mange. Eg sat og lurte på om han hadde forveksla sunne friske studentar med porselensskjøre pasientar, som kunne få nervesamanbrot av å høyra følgjande:

Du er så heldig som har fått deg studieplass, og du kan takka dine fedrar i fleire ledd tilbake for at dei har bygd opp eit demokratisk og solidarisk samfunn, med likerett til å studera for alle, noko som ikkje var sjølvsagt for berre eit par generasjonar tilbake.

Bestemor eller bestefar, som no kanskje har skrantande helse, treng din solidaritet. Det er det minste du kan stilla opp med – du, som med tanke på resten av verda, er fødd med eit gullhår i ræva, og som sidan fødselen har fått det meste lagt opp i hendene.

John F. Kennedy sa i ein tale til ungdommen at dei ikkje burde tenkja så mykje på kva landet kunne tilby dei – men heller spørja seg sjølv om kva dei kunne gjera for landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var kloke ord frå ein klok mann.

Når leiaren for studentsamskipnaden i Bergen vart intervjua, fortalde ho om eit svært godt samarbeid mellom universitetsleiinga og studentane i samband med fadderveka. Om det var resultatet av dette samarbeidet NRK synte oss frå Nygårdsparken, så må det seiast å vera eit godt prov på at høg scoring på den tradisjonelle IQ-skalaen, ikkje treng å vera synonymt med gode og kloke avgjere.

Om studentane no hadde tenkt fadderveke for dei som verkeleg treng ein fadder, så kunne dei ha delt seg opp i mindre grupper og laga arrangement til inntekt for alt frå «Redd Barna», til norske born som må ligga over tid på sjukehus, og som gjerne ikkje vil ha krefter til å overleva ein virussjukdom som korona.

Her på Stord måtte både russen og musikklinja i år avlysa sine store publikumssatsingar grunna korona, og måten dei takla det på, bør vera gode føredøme for andre som kjem opp i liknande situasjonar.

Dei fleste av oss lyder på råd frå helsemyndigheitene og er lojale mot desse, men det gjeld slett ikkje alle, det er dei mange ungdomsfestane kring om i landet gode døme på. Difor er no tida inne til å gå frå BØR til SKAL. Så må ein følgja opp med saftige bøter for dei som ikkje vel å følgja pålegga.

Me vil ikkje på ny stenga ned arbeidsplassar, kjøpesenter, skular og barnehagar, fordi eit mindretal syner grenselaus egoisme. Difor bør myndigheitene leggja silkehanskane på hylla.

Per Jan Ingebrigtsen