KRITISK: Dag H. Gravdal meiner det er risikofylt å ha badande i sjøen på staden som er foreslege som plassering for saunaen. Foto: Kjetil Østrem

Saunaen på Leirvik

Fekk med meg at det er søkt om å etablera flytande sauna på Vikjo, syntest det var stas eg. Heilt til eg såg kor søkjar har tenkt å plassere saunaen, nemleg på nordaustre hyrna på Skottabergskaien. At plasseringa som er søkt vert feil må væra openberr for nokon og ein kvar. Å ha badande i sjøen i eit trafikkert sjøområde er uansvarleg. Då tenkjer eg ikkje berre på småbåttrafikken, men også ambulansebåten m.fl.

Andre grunnar til at saunaen ikkje bør fortøyast på søkt lokasjon er t.d. at det var eit ufråvikeleg krav frå hamnemynde då Stord Båtlag søkte om å få leggja ut nye bryggjer, at det skal væra minst 22 m. frå enden på båtlagets utriggarar til Skottabergskaien. Trur ikkje det var sauna ein tenkte på då dette kravet vart framsett. Og ved å leggja saunaen ytst på kaien bandlegg ein også indre del av kaien, det vert vanskeleg for både store og små båtar å leggje til.

Veit ikkje korleis velet i Hamnegata 56/58 vil handtere dette, men hugsar då båtlaget søkte om reetablering. Velet i Hamnegata 56/58 sette då som eit absolutt krav at det ikkje skulle verta auka trafikk mellom blokkene. Og som kuriositet kan nemnast at dei heller ikkje ønskte seglbåtar i hamna, grunna støy. No får dei begge deler. Det må vera andre lokasjonar på Vikjo å plassera saunaen enn dette. Inst i Evjo, tenk for eit aktivum det ville vera for båtturistane! Eller kva med å leggja saunaen i huken der «Blåkraft» låg? Til sist, kva med parkering? No ser det ut til at «planmynde» i kommunen rundhanda har tildelt gjesteparkeringsplassar til både Hamnegata og Teinevikjo, slik at dei parkeringsplassane som var i hamnegata er reservert.

Dag H. Gravdal