DEBATT: Magne Misje har fått nok av Senterpartiet si haldning i miljøsaka. ARKIVFOTO: KJETIL FYLLINGEN

Senterpartiet - eit miljøparti?

Eg har hatt sans for Senterpartiet og Slagsvold Vedum. Har hatt. Men no held det. Dei som har hevda at Vedum og Sp opptrer populistisk og stadig prøver ri minst to hestar samstundes, får ofte påstandane sine stadfesta. Sp og Vedum veit ikkje om partiet vil støtta målet om å redusera utsleppa med minst 50 prosent innan 2030. Prinsippet om at forureinar skal betala, som har vore eit berande prinsipp i miljøpolitikken i fleire tiår, vil Sp gå bort frå. Vedum hevdar at Senterpartiet sin støtte til Parisavtalen ligg fast. Men det vert gjort halvhjarta og utan entusiasme. Det siste er at Senterungdommen vil utrydja ulven frå norsk fauna. Det er eit utruleg standpunkt frå eit ungdomsparti som hevdar å vera oppteken av natur og naturmangfald. Det er eit brot på internasjonale konvensjonar Noreg har slutta seg til og eit brot på eit hardt tilkjempa kompromiss i Stortinget.

Det finst andre røyster i Senterpartiet enn Slagsvold Vedum, Sandra Borch og Ola Borten Moe. Men dei listar seg rundt på gummisoler for ikkje å øydeleggja harmonien i eit parti som for tida svevar høgt på partimålingane.

Magne Misje