«For å rette opp det bilete Hovland prøver å teikna, må eg koma med nokre fakta», skriv Liv Kari Eskeland. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Seriøst, Hovland?

Til morgonkaffen i dag las eg overskrifta «Arbeiderpartiet er klar for verdas tøffaste jobb». Min første tanke var at det var jo ei grei sjølverkjenning – å setje saman laget på raudgrøn side, og styre med spriket som er frå Sp til Raudt, må også eg erkjenne er ein jobb som er ganske krevjande.

Men då eg las vidare var det ikkje det dette innlegget handla om. Det var Høgre sin næringspolitikk. Og her må eg kome med to erkjenningar til. Det eine er at å gi seg ut på å beskrive andre parti sin politikk er ei krevjande øving. Heller ikkje Hovland består denne testen. Den andre erkjenninga er at eg forstår det er krevjande å få med seg heile næringspolitikken til Høgre, ettersom den er omfattande. Men for å rette opp det bilete Hovland prøver å teikne, må eg kome med nokre fakta.

Les også
Arbeidarpartiet er klar for verdas tøffaste jobb

For det første: Eg kan berre beroliga Hovland med at piffen aldeles ikkje har gått ut av Høgre. Vi er meir enn nokon gong gira på å få fire nye år. For vi ser at den politikken vi no fører gjev resultat, næringslivet leverer. Det siste vi treng er reversering og nye eksperiment. Vi leier an innan grøn skipsfart, karbonfangst og lagring, sol produksjon til havs, nye måtar å drive oppdrett på og flytande havvind. Og vi jobbar tett med næringsliv og aktørar for å sikre at dei tiltaka vi set inn treff slik det skal. Vi ventar ikkje til 2030, Hovland. Dette skjer no. Noreg har teke ei leiande rolle. Og reiser duutom landet sine grenser, får vi ofte svaret «look to Norway» om du spør.

Vi bygger vegar og bind saman landet. Vi utviklar distrikta, og satsar på kunnskap og utdanning – det viktigaste tiltak for å jamne ut ulikskap og få til inkludering i samfunnet. For den største skilnaden finn vi mellom dei som har ein jobb å gå til og dei som står utanfor arbeidslivet.

Les også
Ordføraren vil gjera Stord til «hydrogen-hovudstaden» i Norge

Les ein innlegget til Hovland nøye, ser ein at Arbeiderpartiet har eit verkty i verktykassa som ikkje Høgre allereie har lagt til rette for. Dei vil ta inn meir skattar for å etablere eit «statleg hydrogenselskap». Og ordføraren i Stord har allereie vore ute og peika ut tomt. Det er ingen grunn for at staten skal etablere eit slikt selskap. Næringslivet er allereie godt i gong. Eit godt eksempel her er HYDS. Dei er i gong med produksjon av hydrogen, næringslivet jobbar med distribusjonsknutepunkt og dei jobbar med å få opp industri, ferjer, hurtigbåtar og skip som kan bruke hydrogen. Og det offentlege skal kjøpe inn ferjer og båtar slik at vi kan bruke denne energiberaren. Slik får vi også ned utsleppa. Og vi får arbeidsplassar på verfta våre. Dette er det offentlege si rolle, som innkjøpar og tilretteleggjar. I tillegg til å bidra med verkemiddel som gir den nødvendige innsprøyting av kapital til vi har fått på plass kommersiell drift. Det offentlege skal ikkje bli ein konkurrent til det private næringsliv. Vi må ikkje bruke skattebetalarane sine pengar til å utarme næringslivet vårt. For det er det som blir resultatet. Det blir ein lite rettferdig konkurranse.

Det skaper ikkje fleire jobbar i det private, og det tappar private aktørar for kompetanse. Og ikkje minst – vi taper den innovasjonen som ligg i næringslivet, som vi her vest er så dyktige på. Alle dei kloke hovud som kvar dag møter på jobb for å utvikle landet vårt.

Kort oppsummert er dette skilnaden på sosialistisk og borgarleg politikk: Der Arbeiderpartiet ropar på staten og vil at staten skal løyse alle oppgåver, legg Høgre tilrette for at næringslivet kan utvikle seg. På den måten sprer vi risiko for skattebetalar og næringsliv. Vi skaper trygge arbeidsplassar som tjener pengar til felleskapet. Det private næringslivet er heilt avgjerande for at vi kan få inntekter til fellesskapet, før vi fordeler goder til dei som treng det mest.

Godt val

Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant, energi- og miljøkomiteen, Høgre