KONSPIRASJON: – Eg hadde nok ikkje ofra så mykje som ein bokstav på denne sausen av lett gjennomskodelege løgner, om eg ikkje såg at covid-19-protestane går inn i ein vidare politisk samanheng, skriv Per Jan Ingebrigtsen. Foto: Marius Knutsen

Siste ord frå meg om konspirasjonar sett i system

Ein kan saktens undra seg over om det er strevet verdt å gå i disputt med den konspiratoriske rørsla, dei som - i covid-19-samanheng, nektar for at dette er noko anna enn ein mild influensa, og kan få seg til å skriva at vitskapen ikkje ein gong har klart å isolera viruset. Dei som påstår at all norsk presse er underlagt og styrt av Erna & kompani. Og eg hadde nok ikkje ofra så mykje som ein bokstav på denne sausen av lett gjennomskodelege løgner, om eg ikkje såg at covid-19-protestane går inn i ein vidare politisk samanheng.

Me såg det før og under det amerikanske presidentvalet; løgn, blanda opp med konspirasjonsteoriar, vart sett i system. Det toppa seg med storminga av Kongressen. Når me ser at antidemokratiske ytre-høgre-organisasjonar i vår eigen verdsdel tek same verkemiddel i bruk, er det naudsynt å ta løgnaktige åtak på demokratiet vårt på alvor.

NRK hadde nyss ein reportasje om korleis den tyske rørsla heilt ute på høgre ving, medvite nytta seg av covid-19-pandemien til eiga politisk vinning. Her gjekk holocaust-fornektarar med den gule jødestjerna på jakkekragen – og nytta elles det same symbolet på plakatar og løpesetlar, i protesttog mot myndigheitene sine koronatiltak. Motbydeleg er berre førenamnet – etternamnet tek seg ikkje ut på trykk i lokalavisa. Då samanlikninga mellom dei som måtte bera den gule jødestjerna under nazi-veldet og vaksinepass dykka opp i lesarinnlegg i Sunnhordland, kalla eg det uforskamma og historielaust. Det står eg ved.

Når Bente Antun slår frampå om at den sitjande norske regjeringa kan komma til å bruka covid-19-pandemien for å avlysa det kommande valet, og slik verta verande ved makta, kallar ho det å vera i opposisjon. Det er feil. Det er å vera i konspirasjon. Om ein ikkje ordlegg seg slik for medvite å villeia, så er det i alle høve eit uttrykk for politisk analfabetisme.

Eg er i opposisjon. Eg vil gjerne ha ei anna regjering, og eg veit med 100 % sikkerheit at om regjeringa Solberg etter valet manglar støtte i Stortinget, så går regjeringa av, og det gjer ho fordi ho er samansett av rettskafne menneske som vil følgja dei parlamentariske spelereglane. Dei er mine politiske motstandarar – men ikkje politiske fiendar.

Per Jan Ingebrigtsen