VINDKRAFT: Biletet er teke under ein banneraksjon på ferjekaien på Årsnes. F.v. Annemor Ekeland og Willy Kalsås. Foto: Eva Hasby

Sjå til Kvinnherad

På vegner av «Nei til vindkraft i Kvinnherad» vil me hylla heimkommunen vår Kvinnherad – og politikarane våre som ikkje berre ein – men to gonger (august 2019 og no april 2022) einstemmig har røysta mot vindkraft i Kvinnherad. Sist i samband med ei høyring til Vestland fylke om framtidig satsing på fornybar energi. Det som er spesielt med desse to røystingane var at våre folkevalde sette administrasjonen si innstilling til side – laga si eiga saksutgreiing der dei klart og eintydig går mot vindkraftutbygging i Kvinnherad.

I Norge er det 170.000 tilsette i reiselivet, men berre 263 arbeidsplassar knytt opp mot vindkraftanlegg.

Les også
Svar til aksjonsgruppa i «Nei til vindkraft i Kvinnherad» ved talskvinne Annemor Ekeland

Reiseliv og turisme, basert på natur og kulturopplevingar, blir stadig viktigare næring også i Kvinnherad. Dette er særs viktige aktivitetar og næringar som er med å halda liv i utkantbygdene og samstundes gjer at natur og kulturlandskap blir varetatt. Moglege vindkraftområde vil fullstendig underminere føresetnaden for turisme knytt opp mot bruk av naturen mellom anna hytteutleige, organisert jakt og turar til fjells og på fjorden.

I eit folkehelseperspektiv er tilgang på vakker natur og friluftsliv særs viktig. Utnytting av natur, landskap og kultur til rekreasjon og friluftsliv sommar som vinter vil bli øydelagt dersom det blir vindkraftutbygging. Eventuell vindkraftutbygging vil og verka negativt i høve tilflytting og rekruttering til lokal arbeidsliv, trivsel, folkehelse og livskvalitet generelt.

Verdien av urørt natur er såleis svært viktig lokalt både for fastbuande og tilreisande, m.a. i form av reiselivssatsing, men mange (bl.a. vitenskapsmannen Dag Hessen, Naturvernforbundet m.fl. peikar på at urørt natur, utan inngrep, kanskje er den viktigaste innsatsfaktoren for å ta vare på miljø og klima. Dette er for tida oppe i høve omfattande press på naturen og nedbygging av areal gjennom store hytteutbyggingar, omfattande vegutbygging, og seinast forvaltning av villreinen m.a. på Hardangervidda.

Les også
Sunnhordland Kraftlag?

Kvinnherad sin klare folkelege motstand og våre politikarar sitt eintydige nei mot vindkraft er eit særs viktig signal om at lokalt sjølvstyre og initiativ kan stå imot vindkraftindustriens utbyggingskåtskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klarare kan ein vel ikkje understreka uviljen mot vindindustrien og samstundes komma den sterke folkeviljen mot vindkraft i våre majestetiske fjell og vakre kystlandskap i møte.

Vedtaket i Kvinnherad kommune har vekt stor merksemd i heile landet. Me er stolte over våre folkevalde og seier; Sjå til oss i Kvinnherad.

Sven Løkeland og Annemor Ekeland