UTFYLLING?: Dag H. Gravdal er spent på om Fronta får løyve til å fylla ut i hamna for å byggja hotell. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Sjekkar fast grunn for mogeleg utfylling

Dette var overskrifta på artikkel vist i bladet sist fredag der ein skriv om grunnundersøkingar som vert gjort på på Vikafle. Grunnen til undersøkingane er at Fronta ønsker å byggje hotell på Nattrutekaien og av den grunn vil flytte kaifronten lenger ut i sjøen. Visst nok 15 meter ut?

Les også
Sjekkar fast grunn for mogeleg utfylling

Vidare reknar utbyggjaren med at planprosessen vil vera klar til ferien og at den praktiske delen av prosjektet kan starta om eit år. I dette høvet vil eg minna dei som tek del i den «politiske prosessen» ein visar til i artikkelen, om at Stord Båtlag fekk pålegg om å redusera lengdene på sine bryggjer med 12 meter, som følgje av utbygginga i Teinevikjo. Bryggjene kom for langt ut i hamna og tok dermed for stor plass. Det er den same hamna Fronta no ønsker å fylla i.

Det vert spennande å sjå kva avgjersle som vert tatt. Eller for å bruka ei velbrukt frase: Vil det også denne gang verta gjort forskjell på Jørgen hattemakar og kong Salamo?

Dag H. Gravdal