RASISME: – Over halvparten av innvandrarane som kjem til Norge har opplevd diskriminering på eit eller fleire område, skriv Inger Christin Hystad Barane. Foto: Privat

Sjølv om ting har gått tilbake til normalt er ikkje rasismen over!

I sommar har me sett fleire store demonstrasjonar, innlegg og videoar om rasisme og dette har verkeleg vore noko som engasjerte mange. Det starta etter drapet på George Floyd og deretter store demonstrasjonar i USA som fort spreidde seg ut til heile verden.

Dessverre var engasjementet på topp i ein kort periode og me byrjar å sjå mindre og mindre om det i både avisene og sosiale medium, men kampen er framleis langt i frå over, og det er viktig at me ikkje gløymer. Det er viktig at me ser at det finst strukturell rasisme i Noreg, at kvardagsrasisme ikkje berre er eit ord me høyrer om i talar men noko som faktisk skjer, og det er viktig at me framleis ser kvarandre og kjemper for kvarandre sine rettar til å være fri. For ingen er fri før alle er fri!

Dobling på 5 år

Sjølv om FrP og fleire på høgresida står å benekter at det finnes rasisme i Norge har hatkriminaliteten i Norge dobla seg sidan politiet begynte å føre statistikk på dette for fem år sidan. Over halvparten av innvandrarane som kjem til Norge har opplevd diskriminering på eit eller fleire område og 28% av innvandrarar har opplevd å ikkje bli ansatt på grunn av sin innvandrerbakgrunnen. Å då stå her og sei at rasisme ikkje finst i Norge eller ikkje er eit stort problem er heilt feil! Me kan ikkje gløyme dette eller late som at det ikkje skjer. Me kan ikkje stoppe å demonstrere, skrive leserinnlegg i avisa, eller informere folk om dette på sosiale medium.

Retorikken har blitt verre

Rasisme og rasistiske haldningar får store konsekvensar som me ser på statistikken, likevel fryktar politiet at tala kjem til å auke vesentleg. FrP sin retorikk i debattar fremmer rasistiske haldningar enten med eit rasistisk motiv eller ein rasistisk kommentar. Retorikken som vert brukt er med på å skape usanningar om innvandring og stengjer ute store deler av den norske befolkninga.

Når nokon kommenterer på dette blir ofte svaret tilbake at me har ytringsfrihet i Norge, eller at dette er mi meining og difor må eg få lov til å sei det. Men når det går ut over andre på denne måten er det lenger ikkje ei berre ei meining. Det er ei haldning me må må få slutt på. Den norske kulturen er forandra, den består ikkje berre av etnisk kvite norske nordmenn, den er ikkje berre komle og bunad på fjellet der ein dansar folkedans og ser ut på fjorden, den er forandra. Norge og den norske kulturen består av mange ulike kulturar, fargar, politiske synspunkt, meiningar, utsjånad og bakgrunn. Tida går framover og det må me og!

Me kan ikkje slutta endo og gi oss før me har nådd målet, og ein må ta valget om ein er rasist eller anti-rasist!

Inger Christin Hystad Barane

Leiar, Stord Sosialistisk Ungdom