Henrik Molvær reagerer på måten han og familien hans blei behandla på av mannskapet på éi av ferjene som opererer i sambandet Halhjem-Sandvikvåg. Illustrasjonsfoto: Marius Knutsen

Skjelt ut av ferjemannskapet

Etter lang tid med koronasituasjonen og dei begrensningane det har ført med seg, såg me fram til ein etterlengta tur til Stord i helga. Borna skulle endeleg få treffe farmor og farfar att. I reisefylgjet var det meg og kona mi samt guten vår på 3 år og dotter vår på 6 månader. Me kom til Halhjem kl. 10.00 laurdag og avgangen var sett til kl. 10.15. Guten min var utolmodig og kom fram og sette seg på fanget mitt som me har gjort fleire gongar før ved reiser til Stord. Då me skulle køyra om bord, vart eg stoppa av første mannskapet og han kjefta oss huda full og bad guten min flytta seg. Han sa at det var ikkje tillate med born på fanget ved om bord-køyring. Heilt paffe vart me sendt vidare og idet me køyrde om bord i ferja, vart me stoppa av mannskap nummer to. Han var endå meir aggressiv og sint og vinka oss inn til sida på ferja. Eg vart nok ein gong beordra ned med vindauget og vart regelrett skjelt ut til dei grader. Det var ikkje tillate med born på fanget, me fekk ikkje køyra éin meter til før barnet sat i setet sitt.

Treåringen satt no på fanget til kona mi. Så der stod me i ein slags gapestokk medan dei andre reisande passerte oss. Mannen var så sint at guten min brast i gråt og trudde det heile var hans feil. Har aldri opplevd maken til sinne og me vart heilt sett ut av situasjonen. Dette er sjølvsagt heilt uakseptabelt og det må vere mogleg å gi konstruktive beskjedar på ein sakleg og grei måte. Normalt sett ville eg latt dette passere, men at vaksne menn viser eit slikt sinne og raseri framfor små barn, det er ikkje greitt i det heile tatt. Treåringen var utrøysteleg og han torde ikkje seia eit einaste ord i løpet av overfarten. Det var tydeleg at han vart svært prega av situasjonen og at han vart veldig redd. Det skal seiast at me heilt sikkert braut med sikkerheitsføreskriftene ved om bord-køyring, og det var ikkje intensjonen vår. Og me hadde heilt fint teke i mot ein beskjed om at dette ikkje er lov. Men det er måten dette vart formidla på som er det me reagerer på. Ein helgetur til Stord vart dermed ikkje heilt slik me hadde håpa på. Heldigvis var det ikkje same mannskapet på returen.

Henrik Molvær, stordabu busett i Bergen.

Sunnhordland har lagt fram kritikken for Torghatten Nord. Les svaret her.