Karvel Strømme. Arkivfoto: Ingvild Siglen Berger

Skjer det ingenting på Fitjar ...?!

Eg blar gjennom dagens (22/9) Sunnhordland :

Forside m/tre oppslag frå STORD m/tre bilete, eitt kjempestort.

2. og 3. side: Dobbeltside om ein person .. frå STORD. Svære bilete!

Side 6, nedst: STORD kommune.

Side 7: Heilside om kloakkutslepp .. STORD! Stort bilete (for n'te gong !).

Side 8: Heilside m./stort bilete: STORD!

Side 10: Heilside m/stort bilete: STORD!

Side 12: Heilside STORD. Stort bilete!

Side 14-15: Dobbeltside m/store bilete, STORD

Side 20: 3/4 side STORD, m/stort bilete...

Artikkelen held fram under annonsen.

– og så: HALLELUJAH! Pressemeldinga om arrangement i FITJAR på fredag, med eit bittelite bilete plassert heilt nede i hjørnet!

Side 21: Kultur. STORD. (Legg merke til at potetfarten ikkje er blitt plassert under kultur!)

Side 22: Dobbeltside, m/store bilete, STORD!

Side 24: Heilside, STORD.

Side 34: 1/2 side TYSNES, nedst STORD.

Side 36: 1/2 side FITJAR (Kor glad ég vart!) Resten STORD!

Som de no forstår, folkens, det er på STORD det skjer!

Karvel Strømme, Fitjar