Skogatufto barnehage: – Me har framleis tru på at Stord Kommune finn ei løysing i denne saka utan å la borna våre ta konsekvensane, skriv foreldre i Skogatufto barnehage i dette lesarinnlegget. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Skogatufto barnehage, ein god stad å vera

Som foreldre til born i Skogatufto er me uroa over føreslåtte kutt i det kommunale barnehagetilbodet. Skogatufto barnehage har akkurat landa etter rundar med ombygging og omstrukturering og me kjenner på frustrasjon om me vert ramma igjen.

Me ynskjer stabilitet og ro for Skogatufo barnehage. Barnehagen har gjennom målretta arbeid gjenoppretta nettopp dette. Det skal lite til for å rokka ved det. Og det kostar å bygge det opp att. Dei ansatte, borna våre og me som foreldre treng denne stabiliteten no.

Fleire born i Skogatufto barnehage har småsyskjen på inntakslista til hausten. Ved kutt i kommunale plassar ser me at det kan føre til inntaksstopp i barnehagen vår. Anten som eit resultat av overføring frå andre barnehagar, alternativ 1 og 2, eller ved reduksjon av plassar i Skogatufto, alternativ 3. Tap av søskengaranti vil vere direkte konkurransehemmande for barnehagen og gir barnehagen eit dårleg utgangspunkt for å sikra seg nyrekruttering.

Les også
Eit hjartesukk frå dei tilsette i Skogatufto barnehage

Slikt skapar uro hjå foreldra og me spør oss sjølve, må me søkje dei til private barnehagar for å sikre borna våre denne stabiliteten?

I den seinare tid har me som foreldre opplevd eit aukande og godt tverrfaglig samarbeid mellom barnehagen og kommunen. Me trur det er eit stort uutnytta potensiale her som ikkje kan målas i kroner men i kvalitet og innhald. Håper kommunen fortsetter å favne om desse stordriftsfordelane og satser på å oppretthalde konkurransekrafta i dei kommunale barnehagane.

Me har framleis tru på at Stord Kommune finn ei løysing i denne saka utan å la borna våre ta konsekvensane.

Foreldre i Skogatufto barnehage

Les også
Vil heller leggja ned Furuly barnehage enn Nysæter: – Veldig skuffa og overraska