Skroting av kulturminne

Eigaren av studentbustadane på Rommetveit, Studentsamskipnaden, leiinga av Høgskulen i Vestland (HVL) og fleirtalet i utval for Plan og utvikling (PUT) i kommunen vil rive tre av bygga på Osahaugen.

Dette til tross for at alle faginstansar har konkludert motsett; bygga må ikkje rivast, men rehabiliterast for å stetta bygningsmessige krav og standardauke.

Rådmann skriv i saksframlegget at høgskuleanlegget på Rommetveit er eit av dei aller viktigaste kulturminne i Stord kommune, og går mot riving. Likevel gjekk eit fleirtal inn for dette, enda dei var fullt klår over at kulturverdiar vil gå tapt for alltid.

Les også
Planen om å riva over 50 år gamle studentbustader møter motstand. Slik reagerer studentane

Fylkeskommunen har klaga på vedtaket. Seksjonssjef for kulturarv skriv m.a. «Grunngivinga for klaga er at regionale og nasjonale kulturminneverdiar vert vesentleg sett til side.»

I klaga blir det vidare vist til at ein kan bevare bygget og samstundes få til gode løysingar som oppnår dei målsettingane som er brukt i grunngivinga til dispensasjonsvedtaket: Tenlege studentbustader som er i tråd med dagens forventingar.

Dette har ikkje nådd fram til rektor ved HVL, då han i sin uttale viser til trivsel for studentar er viktig for rekruttering, og gjer to prosent forskjell i oppfatning om butilhøve på Stord og andre stader, til eit hovudpoeng for riving.

Les også
Studentar er blitt spurde om korleis dei trivest her. Resultatet er sjokkerande

Det er skuffande at Stord kommune viser at ein ikkje er i stand til å ta ansvar for kulturminna vi har igjen i kommunen. Mykje er gått tapt som fylgje av manglande vilje til å ta vare på det som skal knyte saman fortid, notid og framtid.

Det var venta at lokale politikarar ville vise at dei er i stand til å ta ansvar for også denne delen av samfunnsutviklinga. Staten har delegert det meste, men kan overprøve kommunane når det står vesentlege regionale- og nasjonale kulturverdiar på spel, og ein lokalt ikkje viser vilje til å ta vare på slike verdiar. Statsforvaltaren si mynde til å fremma motsegn i kommunale saker er svekka, mens fylkeskommunen si er styrka, og då må vi som er opptekne av kulturarven sette vår lit til Vestland fylke i slike saker.

Kjellbjørg Lunde

Les også
Et kraftig tilbakeslag for studentøya Stord!
Les også
Lokale politikarar vil riva falleferdige studentbustader. Det likar ikkje fylkeskommunen