NAUDSYNT LØFT: – Det er heilt naudsynt å ha lokalitetar som er funksjonelle, skriv museumsdirektør Linda Øen i lesarbevet. ARKIVFOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Skuffande og trist at vertskommunen ikkje prioriterer det regionale museet

Det er tida for handsaming av budsjett i kommunenorge, også i Stord kommune. Det er skuffande at rådmannen ikkje har funne rom for tilskot til rehabilitering av «Nye Sunnhordlandstunet».

Sunnhordland museum er regionsmuseum for dei 8 Sunnhordlandskommunane. Museet forvaltar 49 bygningar og bygdetun i regionen, 25 000 gjenstandar samt fleire foto og privatarkivsamlingar. Vidare driv museet utstrekt musealfagleg rådgjeving og formidling til innbyggjarar, besøkjande og ikkje minst til skuleklassar.

Vestland fylkeskommune definerer Sunnhordland museum som eit regionalt ansvarsmuseum. Det vil sei at vi skal ta eit særskild musealt ansvar for heile regionen.

I det nasjonale museumslandskapet er Sunnhordland museum eit lite museum, men med eit stort geografisk verkeområde. Vi tek eit profesjonelt ansvar for å ta vare på, bevara og formidla kulturarven i Sunnhordland.

Les også
Budsjettet: Ikkje pengar til nytt museumsbygg

Sunnhordland museum er eit av 70 museum i Noreg som er på kulturdepartementet sitt budsjett. Dei statlege løyvingane til museum skal m.a. byggja opp under dei nasjonale måla om å medverka til at alle kan få tilgang til kunst og kultur av ypparste kvalitet, å samla inn, ta vare på, dokumentera og formidla kulturarv og tilby møteplassar og byggja fellesskap.

For å utføra dette samfunnsoppdraget er det ikkje nok med kompetente medarbeidarar og mykje vilje. Det er heilt naudsynt å ha lokalitetar som er funksjonelle. Museet sit administrasjons- og publikumsbygg på Leirvik står fram som svært prega av «tidas tann» og fyller ikkje dei funksjonane som trengst for å driva profesjonell museumsverksemd i dag. Bygget har over tid vore utsett for vasslekkasjar, publikumsareala medrekna utstillingslokale er lite eigna, bygget stettar ikkje krava til universell utforming for offentlege bygg, og dei fysiske arbeidsforholda for dei tilsette er svært dårlege.

Les også
Så mange millionar manglar før museet har draumeprosjektet sitt i boks

Sunnhordland museum har over fleire år arbeid med planar om å rehabilitera bygget, noko som ved fleire høve har vore signalisert og drøfta med kommunen. Prosjektet er ferdig prosjektertert og klart til å setjast i gang når finansiering er på plass. Kulturdepartementet har gått inn med 15,2 millionar, fylkeskommunen har til no gått inn med 5,8 millionar og det vert søkt om ytterlegare tilskot som skal handsamast i budsjettet. Både i statlege og fylkeskommunale løyvingar ligg det ei forventning om at også kommunane bidreg til realiseringa, det er derfor avgjerande for prosjektet at også kommunane som nyt godt av museet sine tenester bidreg. Museet har derfor søkt Sunnhordlandskommunane om tilskot til «Nye Sunnhordlandstunet» for å få realisert planane.

Det er trist at vertskommunen Stord ikkje set seg i førarsetet og finn rom for løyving i budsjettframlegget. Utan kommunal støtte står prosjektet i fare. Dersom Stord kommune vel å ikkje stø opp om regionsmuseet sender dei også eit signal til stat, fylke og dei andre kommunane som er spurt om å bidra.

Vi håpar dei kommunale politikarane ser verdien av å ha eit funksjonelt museum i regionssenteret som tek vare på, forvaltar og formidlar regionen si kulturarv.

For Sunnhordland museum

Artikkelen held fram under annonsen.

Linda Øen

Direktør