PROVOSERT: Forfattarkollega Hans Sande reagerer krast på Olaug Nilssen sine uttalar om vindmølleparken. Foto: Ingvild Siglen Berger / Bent R. Synnevåg

«Skulpturparken på Midtfjellet»

Eg viser til intervjuet i avisa 16.04., der Olaug Nilssen fortel at ho ser på vindturbinane på Midtfjellet som kunst, som skulpturar. Ikkje eit ord om øydelagd natur. Ho valfartar med slekt og vener til Midtfjellet for å syne fram denne stordomen. Kjenner ho til at desse konstruksjonane av plast og glasfiber ikkje kan resirkulerast? Dei må gravast ned, men kor? Kanskje gruveselskapet i heimkommunen hennar kan hjelpe til? Kva med å dumpe utrangerte turbinar i Førdefjorden saman med tusenvis av tonn med gruveslam, slik at dei blir usynlege for all ettertid? Kjenner ho til korleis turbinane kverkar fuglar og insekt? Veit ho kor mange tonn med betong og asfalt som er valsa utover Midtfjellet? Kan ho sjå for seg korleis betongen og asfalten kan fjernast når den tid kjem? Kjenner ho til at profitten først og fremst går til utanlandske investorar? Som kjent har dei planar om å utvide med mange fleire turbinar. Og korfor?

Eg har stor respekt for Olaug Nilssen som forfattar. Men i intervjuet står ho fram som ein ureflektert og nyttig idiot for utbyggjarane, og eg spør: Har du sett demninga i Stilla? Eit fantastisk stykke ingeniørkunst, eit eineståande monument over menneske si makt over den rå og utamde naturen. Har du sett eit atomkraftverk på nært hald? Som gigantiske mjølkespann står dei perfekt forma reaktorane der. Ikkje fylte med mjølk som surnar, men med strålande kjernekraft som tusen generasjonar etter oss skal leve med. Her er mitt tips: Meld deg som reiseleiar for Fotefar, plukk ut sju moderne industrielle underverk, og syn reisefølgjet ditt kva dei profitthungrige kan få til når dei slepp å bli hindra av brysame naturvernarar.

Hans Sande

Les også
Forfattar ber vindparksjefen venta med målarkosten til etter søndag